2004/12/20

Juleferie!

Etter to velukka julekonsertar tek Oster Brass no ein velfortjent juleferie. 
Nokre av oss var og med å spelte på lysfesten som Nordhordland Avis arrangerte ved Kvassnesstemma søndag kveld. Her spelte vi julemelodiar, mens Kjersti Wiik song. Med 20 cm nysnø var det ei flott førjulsstund!

Vi i Oster Brass takkar medlemmar, andre korps, instruktørar, samarbeidspartnarar og næringsliv for ein god haustsesong.
Ei spesiell takk går til vår faste dirigent, Jane Westervik, som gjer ein kjempeflott jobb med korpset.

Vi ynskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Hyggeleg konsert

Konserten med Knarvik Skulekorps sist søndag vart som forventa ei triveleg oppleving. Publikum vart både imponerte og sjarmerte, og vi fekk høyre flott musikk frå både hovedkorpset, juniorkorpset og aspirantane til Knarvik Skulekorps. Ikkje noko tvil om at Knarvik Skulekorps er eit driftig korps!

2004/12/07

Konsert med Knarvik Skulekorps

Søndag 12.desember vert det konsert med Knarvik Skulekorps og Oster Brass. Konserten er i Misjonshuset og tek til kl 18.00.Dette er blitt ein årleg tradisjon og vi ser fram å høyre skulekorpset..Vi håpar mange av dykk kjem for å høyre på!

2004/11/29

Stemningsfull konsert

Dei som hadde møtt fram i Meland kyrkje på søndag fekk oppleva ein variert og stemningsfull adventskonsert. Skala byrja konserten og spelte mellom anna tradisjonell julemusikk som "Her kommer dine arme små" og livleg marsj - "Christmas Joy". Oster hadde valgt ut musikk frå fire store komponistar: Bach, Gabrielli, Vivaldi og Händel. Oster Brass takkar Skala Kr. Hornorkester for flott bidrag på konserten, vi håpar vi kan gjenta samarbeidet ved eit seinare høve!
Neste julekonsert med Oster Brass vert 12.desember i Knarvik Misjonshus, saman med Knarvik Skulekorps.Vi kjem tilbake med tidspunkt.

2004/11/22

Adventskonsert i Meland kyrkje

Søndag 28.november er første søndag i advent, og i det høvet inviterer Oster Brass til konsert. Konserten finn stad i Meland kyrkje, og tek til kl 18.00. På konserten har vi fått med oss eit eit av nabokorps våre,Skala Kr. Hornorkester. Dette er fyrste gongen Oster Brass og Skala samarbeidar, og vi gler oss til konserten. Det vert i hovedsak framført tradisjonell og klassisk julemusikk, men nokre andre innslag vert det og. Dirigentar: Jane Westervik og Espen Selvik. Velkomne til ein stemningsfull konsert! Bill.prisar: Vaksne kr 50, born t.o.m 16 år: gratis

2004/11/07

Godt resultat i Siddis!

Oster Brass kom på 6.plass i Siddis Brass, ei plassering vi er godt fornøgde med. Vi har ikkje vore så heldige med plasseringane dei siste gongane vi har vore i Stavanger, så dette var kjekt! Til ei forandring var vi siste korps ut, og gjekk på scena kl 15.45. Så med ein solid hotell-frukost i magen var vi klare til å gå på scena. Etter endt framføring var vi fornøgde og ikkje minst svette :). Med 90 poeng på speling og 8 poeng på programval oppnådde vi 98 av 110 moglege poeng. I dommarkommentarane fekk vi mellom anna skryt for balanse og god artikulasjon, mens vi blei trekte noko for intonasjon. Dei øvrige resultata finn du herVi takkar Frode Rydland for eit godt samarbeid, og gratulerer alle vinnarane i årets Siddis Brass!

2004/11/03

Vellukka konsert

Konserten på onsdag var vår fyrste framføring av årets Siddis-program, og såleis også generalprøva før konkurransen til helga. Litt nervar og nokre småslengar her og der vart det nok, slik som det skal vera på ei generalprøve, men vi var godt nøgde med framføringa vår. Eikelandsfjorden Musikklag og AustrheimLindås Musikklag spelte varierte og fine program, begge med flotte solistar.Vi ynskjer korpsa lykke til i konkurransen!
Vi reiser til Stavanger fredag, og konkurransen i 1.div vert avvikla frå kl 09.15 til 16.15. Vi spelar i Stavanger Hall, Clarion Hotel.Vi håpar at de har anledning til å kome å høyra på oss! Vi er tilbake med resultata på måndag.

2004/10/29

Vi vann kvalifiseringa!

Idag vart den endelege divisjonsinndelinga for NM 2005 lagt fram, og vi kunne gledeleg konstantere at vi klarte det i år og! Det var vi og Sagvåg Musikklag som kniva om den eine plassen i 1.divisjon. Vi vil takke Egil Magnussen for at han (nok ein gong) leda oss fram til seier! No satsar vi alt på ei god plassering i NM 2005 slik at vi slepp å delta i kvalifiseringskonkurransen , som etterkvart nærmast har blitt ein tradisjon for Oster Brass.Dirigent til NM er Reid Gilje.

2004/10/25

Før-Siddis konsert

Onsdag 3. november har du mulighet til å få høyra Oster Brass sitt Siddis-program! Då arrangerer nemleg Austrheim Lindås Musikklag før-Siddis konsert i ungdomshuset Dalheim, på Hundvin. Med på konserten vert sjølvsagt Austrheim Lindås, samt Eikelandsfjorden Musikklag som deltek på Siddis Brass for fyrste gong og stiller i 3.divisjon. Konserten tek til kl 19.00. Håpar vi ser deg på konsert!

2004/10/14

Program til Siddis Brass

Her er programmet vi skal spela under Siddis Brass:
  • "La Forza Del Destino" av Guiseppe Verdi. Arr: Frank Wright
  • "Hymn to the fallen" av John Williams. Arr: Rick van der Woude
  • "To miniatyrbilder: Et hardt, et mykt: POWER og Lady in Waiting" av John Stevens og Leslie Niehaus. Arr: E. D Orf
  • "Dundonnel" from Hymns og the Higlands" av Philip Sparke.

2004/10/05

Kva skjer framover?


Den neste store posten på programmet er Siddis Brass. Sidan vi har brukt ein del tid på øving til NM-kvalifiseringa, har vi mykje å henge fingrane i fram mot konkurransen i Stavanger! Programmet er tildels svært teknisk krevande og vi må nok belage oss på mykje øving. Frode Rydland dirigerer oss på dette prosjektet. Vi kjem tilbake med meir informasjon om før-Siddis konsertar om ikkje lenge.

NM-kvalifisering unnagjort

Vi er no komne godt i gang med sesongen og har alt gjort unna NM-kvalifiseringa. Etter vår 10.plass i NM i februar, måtte vi no spela kvalifisering for å få behalde plassen i 1.divisjon. Dette er noko vi (dessverre) er blitt godt vande til dei siste åra, og er no snart for veteranar å rekne innan kvalifiseringskunsten. Stykket me spelte var "Celestial prospects" av W.Heaton. Egil Magnussen dirigerte oss i anledninga og vi vil takke han for ein flott jobb. Innspelinga vart gjort torsdag 30.september i Johannes-kyrkja i Bergen. Men vi vonar at resultatet blir bra også i år!

Seminar i Masfjorden

Den andre helga i september var vi i Masfjorden og hadde seminar. Vi budde på Nautesund Camping og øvde på Nordbygda skule. Der blei det innøving av NM-kvalifiseringstykket og litt av Siddis programmet. Vi hadde ei kjekk og sosial helg, og nye og gamle medlemmar vart betre kjende med kvarandre.

Nye medlemmar i korpset

Vi har, som dei fleste korps, hatt litt utskifting i rekkene. Dei som har forlatt oss er sakna, men vi er svært glade for alle nye medlemmane vi har fått!

  • Iselin Skudal kjem frå Ørskog spelar baritone og går på Manger Folkehøgskule 
  • Tine Maren Revheim kjem frå Stavanger, spelar horn og er student.
  • Marthe Anundsen kjem og frå Stavanger, spelar kornett og er student.
  • Ole Christian Netland kjem frå Askøy, spelar Eb-tuba og er arbeidskar.
  • Merethe Eide Raknes kjem frå Ostereidet, spelar kornett og jobbar på båt.
  • Grethe Helen Sætre kjem og frå Ostereidet og spelar kornett. Ho går på Manger Folkehøgskule.

Medlem slutta for å bli rektor i Bodø

Elisabeth Thielemann som var med oss på slagverk forrige sesong, har starta opp ein ny katolsk skule i Bodø. Dersom noke nå vil sjå på nettsidene til Elisabeth og den nye skulen hennar, St. Eystein, kan de sjå her! Vi ønsker henne lykke til!

Oppdatering om sesongstarten.


No er det ei stund sida sesongen starta. Desverre har det vore lite oppdateringer på denne sida. Vi ansvarlege har hatt mykje å gjere no i haust, men det er eigentlig ingen god unskylding c",). Vi satsar derfor friskt no og lover å være flinke til å få ut både nyttig og unyttig informasjon....

2004/07/27

Snart sesongstart!

Sommarferien går mot slutten og vi førebur oss til ein ny korpssesong. Jane Westervik held fram som Oster Brass sin faste dirigent og musikalske leiar, og dette er vi svært glade for!
I løpet av sesongen skal vi også samarbeide med fleire dyktige instruktørar; Egil Magnussen er dirigent på innspelinga av kvalifiseringsstykket til NM og Frode Rydland vert med oss til Siddis Brass. På nyåret tek vi oppatt samarbeidet med Reid Gilje, han skal ha korpset i samband med NM for Brassband.

23.august startar vi haustsesongen, og vi ynskjer gamle og nye medlemmar velkomne!

Vil du spela i Oster Brass?

Besetninga til hausten er begynt å bli klar, men vi har ikkje full besetning endå så om du vil spela i eit aktivt og sosialt korps er det berre å ta kontakt med oss! Vi har særleg behov for Bb-tuba og slagverk. Ta kontakt med Jane Westervik eller Birthe Kråkenes.

2004/05/31

Fin feiring av nasjonaldagen!

For fjerde år på rad reiste Oster Brass til Eidfjord på 17.mai. Som tidlegare gjekk vi i to tog, eit i Eidfjord og eit i Øvre Eidfjord. Etter toga var det tid for ein utsøkt middagsbuffet på Hardangervidda Natursenter Eidfjord, der vi åt oss svært så mette og gode. Siste post på programmet var konsert utanfor grendahuset på Bu, og det vart ei fuktig oppleving.

Regnet, som hadde heldt seg borte tidlegare på dagen, kom no til fulle. Etterpå var det sjokoladekake og pinneis innanhus.
Bygdefolket i Eidfjord Kommune var svært glade for at vi kunne stille opp også i år, og vi fekk super oppvartning heile dagen. Vi håpar vi får koma att neste år og! Bilete frå nasjonaldagen finn du her.

2004/05/04

17.mai er vi så gla’ i

Etter ein vel overstått brassfestival i Skien går vi inn i siste del av sesongen. Tradisjonen tru reiser Oster Brass til Eidfjord på 17.mai også i år. Dette er eit av høgdepunkta i vårsesongen og vi gler oss! Denne veka har korpset hatt si fyrste ”17.mai-øving”, der vi tørka støvet av marsjhefta og nasjonalsongane. I Eidfjord skal vi sjølvsagt marsjere i tog, men og ha eit par konsertar.

Oster Brass på radio!

Søndag kveld kunne du høyra Oster Brass i ”Korpshalvtimen” på NRK P2. Programmet spelte to av melodiane som vi framførte under programkonkurransen på Grenland Brassfestival; ”Shere my yoke” med Sara B. Tvedt som solist og ”You’ll never walk alone”. Det er ikkje kvar dag vi blir kringkasta på radioen, så dette var kjekt. Så sjølv om vi ikkje ”gjekk heilt heim” hos dommarane, så er det i alle fall andre som har latt seg imponere!

2004/04/30

Mangfaldig kulturskulekonsert!

Onsdag 28. april var det kulturskulekonsert i Nordhordlandshallen i høve kulturdagane i Nordhordland 2004. Det vart ein omfangsrik konsert med innslag av kor, trekkspel, gamaldans, feler, korps, song, gjøglarar, moderne rytmer og mykje meir. Vi spelte to stykker frå Grenlandsprogrammet. Det var tubakvartetten "Breaking up is hard to do" og kornettsolen "Share my yoke". Det vart stor applaus for Sara som gjorde ei nydeleg framføring av stykket ho fekk solistprisen for i Grenland!

Sara vann solistprisen i Grenland!

Sara vann solistprisen i Grenland! [30. april 2004]
Det har blitt ein tradisjonen for oss å delta på den store brassfestivalen på vårparten i Skien. Også i år tok vi turen til Grenland Brassfestival med ambisjonar om ei sosial og kjekk helg! Noko av det som gjer festivalen godt likt er at den lar korpsa presentere ulike sider gjennom fleire konkurransar. I 1. divisjon spelar korpsa ein kyrkjekonsert på fredag, medan det på lørdagen skal framførast ein underhaldningskonsert.
Vi var fornøgd med spelinga både fredag og lørdag og vart vel litt skuffa då vi fekk vite at vi fekk 4. plassen i 1. divisjon. Skuffelsen vart likevel fort snudd til glede då fekk vite Sara Børslid Tvedt vann solistprisen i 1. divisjon for framføringa av "Share my yoke". Gratulerer Sara!

Resultatlista for 1. divisjon finn du her:



Dette skreiv BT.no om oss og festivalen høve festivalen:

Eikanger-Bjørsvik til topps i Grenland
Det ble storeslem for Hordaland i helgens brassfestival i Skien. Eikanger-Bjørsvik og Manger stakk av med topp-plasseringene i eliten, og i 1.divisjon stakk Oster av med solistprisen.
UtskriftUtskriftsvennlig versjon
TipsTips en venn om denne saken



TIL TOPPS IGJEN: Eikanger-Bjørsvik Musikklag forsvarte førsteplassen i Grenland Brass.
ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE



Relaterte artikler







Roy Hilmar Svendsen

Publisert: 26. apr. 2004, 10:53 Oppdatert: 26. apr. 2004, 11:25
Eikanger-Bjørsvik Musikklag var klart best både på pliktnummeret "Kenilworth" av Sir Arthur Bliss, kirkekonserten, og på det selvvalgte programmet. Korpset forsvarte dermed førsteplassen fra 2003. "Bunnsolid i alle ledd, og fantastisk bra solister", var blant kommentarene fra dommerne. 

I tillegg fikk dirigent Reid Gilje dirigentprisen for ypperlig tolkning av pliktnummeret. 

Også andre plassen ble kapret av et lokalt korps, nemlig Manger Musikklag. NM-vinner Stavanger er opptatt med forberedelser til EM, og var ikke med.
I 1. divisjon kom Oster Brass, med dirigent Frode Rydland, på fjerde plass. Sara Børslid Tveit fra Oster Brass vant solistprisen i divisjonen for sin innsats på kornett.




Fotoalbumet er også oppdatert med nokre bilete...

Program under Grenland Brassfestival

Kyrkjedelen:

  • Pliktnummer: "Intrada: Saviour, come to us we pray" av Tom Brevik 
  • Sjølvvalgt: "Meditation - Just as I am" av W. Heaton. 


Underhaldningskonserten:

  • You'll never walk alone, Richard Rogders/arr. Howard Snell 
  • bREAKING uP iS hARD tO dO, Neil Sedaka/arr. Frode Rydland Tubakvartett med "The happy basses": Trond Bjørstad, Odd-Gunnar Larsen, Nils-Arne Træland og Rebecca Fjeldsbø 
  • Share my yoke, Joy Webb/arr. Ivor Bosanko BB-kornett solo med Sara Kristina Børslid Tvedt. 
  • Riverdance, Bill Whelan/arr. Ray Farr

2004/04/06

God påske!

Vi vil gjerne ynskje alle medlemmar, venner og kjente ei riktig god påske! På programmet etter påske er det Grenland Brassfestival. Festvialen er i Skien og går av stabelen 23.-25. april. For dei som ikkje får høyrt oss der, skal vi
framføre delar av Grenland-programmet på kulturskulekonsert den 28. april i Nordhordlandshallen. Men no først vert det feriekos. Spenn på dykk skia og finn fram varm kakao, Kvikk Lunsj og appelsiner! Ha ei riktig god påske!

Flott konsert i Knarvik Senter

Torsdag 25.mars heldt Oster Brass og musikkgrupper frå LOAS konsert i senteret. Mange stoppa opp i handleturen for å få med seg konserten, noko vi syntes var svært hyggelig. Johannes Rydland fletta saman dei ulike innslaga på ein fin måte, og publikum fekk høyra musikk med stor spennvidde. Oster Brass opna med marsjen "Punchinello" og fortsette programmet med både Riverdance og tradisjonell frelsesarmémusikk før vi avslutta med "Greased Lightning". 

Men Oster Brass må nok sjå seg slått av LOAS både når det gjeld speleglede og engasjement. Musikkgruppene frå LOAS imponerte med flott sang og instrumentering. Det gode humøret smitta over på både korps og publikum! Oster Brass synest konserten var ei svært positiv konsertoppleving og vonar at vi kan gjenta samarbeidet ved eit seinare høve! Bilete frå konserten finn du i fotoalbumet.

2004/03/09

NM 2004

Oster Brass framførte "Paganini Variations" og vi var godt nøgde med eigen innsats. Vi fekk og mange fine tilbakemeldingar frå publikum. Resultatet vart difor litt skuffande, vi hamna på 10.plass med 85 poeng. Vi får kome sterkare tilbake neste gong! Det vart ei hektisk helg med speling i tillegg til at korpset i år hadde eigen stand i foajeén.

Dette var i forbindelse med Oster Brass sitt samarbeid med Chess Communications. På standen hadde vi ei rekkje aktivitetar, bla. tippekonkurranse og fotokonkurransen "Ein NM-augneblink ". Vi fekk fleire fine innslag, og ein jury beståande av Viggo Bjørge og Mons Hauge kåra Anders Kvamme sitt bilete av ein ung og lovande slagverkar til årets NM-augneblink. Vinnaren fekk eit digitalt kamera, gjeve av FotoKnudsen. Vi gratulerar! Sjå ellers i fotoalbumet for fleire bilete frå NM.

2004/02/13

Klare til dyst

 [13. februar 2004]
Onsdag hadde korpset ein fin konsert på Hundvin, saman med Austrheim/Lindås Musikklag og EikangerBjørsvik Musikklag. Her framførte vi for fyrste gong nm-stykket vårt; " Paganini Variations " av Philip Vilby. Men det er på laurdag det verkeleg gjeld! 1. divisjon går av stabelen frå kl. 09.00 - 13.45 og vi vonar så mange som mogleg har funne seg ein plass i salen når Oster Brass entrar scena. Vi gler oss iallefall til å spele og ynskjer både korps og publikum ei flott helg!

Dette skjer i helga:

Grieghallen, store sal:
Fredag, 12.00 - 16.40, 2. divisjon.
Fredag, 18.00 - 22.00, Elitedivisjon, pliktnummer.
Lørdag, 09.00 - 13.45, 1. divisjon.
Lørdag, 14.30 - 18.50, Elitedivisjon, sjølvvalgt.

Peer Gyntsalen:
Fredag, 16.30 - 21.30, 3. divisjon.
Lørdag, 09.00 - 15.20, 4. divisjon

Stand i Grieghallen

Etter at vi vart Chessforhandlarar i desember har vi jobba med å skaffe oss abonnentar og nye samarbeidspartnarar. I helga har difor Oster Brass og Chess stand i foajéen i Grieghallen. Her skjer det mykje, blandt anna kan du vere med i vår fotokonkurranse: Fang augneblinkar som du meinar viser noko av korleis det å vere med på nm. Vi printar dei ut på standen vår og du kan vinne fotoutstyr frå FotoKnudsen! ( ein må ha digitalkamera)

Du kan og få info om Chess på standen. Kanskje kan du spare pengar på å skifta til eit av Chess sine abonnement? Eller kanskje kan det vere aktuelt for korpset ditt å bli Chess forhandlar? Eit samarbeid med Chess kan spe godt på ei slunken korpskasse, så kom innom standen vår for meir informasjon!

2004/01/26

NM nærmar seg.

13. og 14. februar går NM for brassband av stabelen i Grieghallen. Oster Brass har i år valgt å spela "Paganini variations" av Philip Vilby, og vi er godt i gang med innøvinga av stykket. På NM blir taktstokken overleten til gjestedirigent Oddmund Hjartåker.

Torsdag 5. februar er fyrste sjanse til å høyra oss framføre årets NM-stykke. Då vert det konsert saman med musikklinja ved Manger Folkehøgskule. Konserten byrjar kl 18.00 i gymsalen på folkehøgskulen. Det vert også konsert onsdag 11. februar. Då inviterar Austrheim Lindås Musikklag til "før-NM" konsert på Hundvin, saman med Oster Brass og Eikanger Bjørsvik Musikklag. Tidspunktet for konserten kjem vi tilbake til. Velkomne!