Speleoppdrag

For å drive eit korps på Oster Brass sitt nivå er vi avhengige av inntekter.

Vi ynskjer i størst mogleg grad å skaffe desse inntektene gjennom spelejobbar. Vi kan tilby eit vidt spekter av musikalske tenester og eit variert musikalsk program, og kan stille med alt frå små ensembler til fullt korps. Julegateopning, dragebåtfestival,17.maitog og Striladag på Eknes er døme på arrangement vi har delteke i.


Vidare tek vi gjerne andre dugnadsjobbar, servering, billettsal, husmåling og så vidare.

Om du ynskjer at vi skal gjere ein jobb for deg, eller om du berre ynskjer å få vite meir om kva vi kan tilby, er du velkomen til å ta kontakt med leiar eller med eit anna medlem i Oster Brass.