2002/12/16

Julekonsert i Knarvik misjonshus

Søndag 15. desember vart haustsesongen avrunda med julekonsert i Knarvik misjonshus saman med Knarvik skulekorps. Skulekorpset starta og hadde eit fint program med blant anna "Det lyser i stille grender" og "Mary`s Boychild". Aspirantane til skulekorpset hadde og ei avdeling med "Deilig er jorden" som dei gjennomførte med glans. Vi merkar oss at skulekorpset er i vekst og det er noko som er gledelig for oss med tanke på mogleg framtidig rekruttering.

Oster presenterte tradisjonell julemusikk som "Glade Jul" og "Mitt hjerte alltid vanker" i tillegg til stykka "Dear Lord and Father" og "Christmas Song". Vi avslutta konserten med eit arrangement av "Deilig er jorden" som vi spelte saman med allsang frå publikum. Dette vert det siste de får høyre av oss i år. Men fortvil ikkje: Vi startar opp att alt i januar med NM som første mål på programmet. Då står det berre att å ønske alle ei fredfull jul og eit godt nytt (musikalsk) år!

2002/12/12

Julekonsert - Ei kosestund for liten og stor.

Søndag 1.desember var det julekonsert for korspet på St. Paul katedralskule. Vi hadde pynta lokalet med levande lys fra golv til tak. Gløgg, pepperkaker, mandariner, julehistorie og tenning av det første adventlyset - Kva meir kan ein trenge for å kome i god stemning til adventstida? Jo, musikk! Både tradisjonelle og mindre kjente arrangement sto på programmet, som blant anna "Deilig er Jorden", "White Christmas" og "Christmas Swing". Vi hadde og med ein kvintett samensett av folk frå Eikanger Bjørsvik Musikklag, Manger Musikklag og Oster Brass. Stemninga var god og publikum såg ut til å kose seg!

Vi skal ha ein ny konsert søndag 15. desember. Den vert i Knarvik misjonshus saman med Knarvik skulekorps og byrjar kl.17.00. Hjartelig velkomne!

2002/11/18

Klar for 1. divisjon i NM 2003!

Då er resultatet frå kvalifiseringa klart. Vi stakk av med seieren i konkurransen med Radøy Brass på 2 plass, Brøttum Musikkforening som nr 3 og Trondheim Politis Brassband som nr 4. Dvs at Oster og Radøy stiller i 1 divisjon i NM 2003. Heilt topp at nabokorpset vårt og klarte å halde plassen, så gratulerar Radøy! Av andre lokale korps vil vi nemne Austrheim/Lindås Musikklag som klarte å kvalifisere seg for 2. divisjon. Stor gratulasjon til dei og! Sjå ellers NMF sine sider for øvrige resultat.

2002/11/07

Skuffande i Siddis...

Laurdag 2. november var vi elden som første korps tidleg om morgonen kl 9.15. Framføringa gjekk brukbart på dei fire første stykka, men på det siste stykket rakna det noko. Vi var godt førebudd, men sidan vi spelar 'live' så kan vi aldri gardere oss heilt mot mindre uhell. I allefall valgte dommarane å gje oss ein 11. plass av 12 moglege. Det er vi ikkje nøgde med, så vi satsar på å revansjere oss til neste års konkurranse! Sjå ellers fullstendig resultatliste.

2002/10/22

Siddis Brass 2002

Årets Siddis Brass nærmar seg med stormskritt og korpset har nokre dagar med intens øving foran seg. Konkurransen går av stabelen laurdag 2. november og vi skal konkurrere mot 11 andre korps i 1. divisjon. Under følgjer programmet vi skal spele. For dei som ikkje skal til Stavanger vert det mogleg å høyre oss på konsert på Frekhaug Folkehøgskule søndag 27. oktover kl 18. I tillegg deltar vi på ein større konsert på Bergen Yrkesskole tirsdag 29. oktober kl 19.

Program i Siddis:
1. Ubuhle Bendoda (South african trad./Arr Giskevågsøy/Rydlandsvik)
2. Pasttime with good company (Henry VIII/Arr Stephen Roberts)
3. Rev Archie Beaton Euphsolo (John Mason/Arr Rydland)
4. Air (J.S. Bach/Arr Howard Snell)
5. Shine as the light (Peter Graham)

2002/10/11

Finn 10 Feil!


Her er det mykje omtalte korpsbiletet frå Eidfjord. Vel verdt ein sjekk!

Innspelinga er i boks!

Innspelinga er no i boks, eller rettare sagt på tape. Korpset var godt fornøgd med gjennomføringa og det vert spanande å sjå resultatet av kvalifiseringa. Dessutan var klangen i kyrkja meget bra, og vi kan godt tenkje oss å spele der i fleire gongar.

2002/10/02

Innspeling til NM-kvalifiseringa

Mandag 7. oktober skal vi spele inn opptak til NM kvalifiseringa i Johanneskyrkja i Bergen. Korpset er godt motivert og satsar på å gjere sitt ytterste for å klare å halde plassen i 1. divisjon. Konkurransen er knallhard og vi skal konkurrere mot Radøy Brass, Brøttum Musikkforening og Trondheim Politis Brassband om 2 ledige plassar i 1.divisjon.

Seminarhelg i Eidfjord

13.-15. september hadde vi bli-kjent-helg i Eidfjord med seminar på Hotell Vøringsfoss. Som vanleg når vi er i Eidfjord var været strålande og satte ei ekstra god ramme rundt opphaldet. I tillegg til sosial aktivitetar hadde vi øving både lørdag og søndag der øvde inn ein del underhaldningsmusikk.
Ein del av dette kjem nok sannsynlegvis til å verta brukt på årets Siddis Brass. Helga vart avslutta konsert i restaurantlokalet i Hardangervidda Natursenter Eidfjord i øvre Eidfjord. Ellers var fotoapparata i flittig bruk, så følg med i fotoalbumet framover, for der kjem det garantert ein del bilde fra denne kjekke helga.

2002/08/28

Ny dirigent under NM-kvaliken

P.g.a kollisjon med eit anna oppdrag har vår faste dirigent Frode Rydland måtte overlate dirigentstokken til Ray Farr i.f.m årets kvalifisering til NM for Brassband. Vi skal prøve å kvalifisere oss til fortsatt spill i 1. divisjon og ser fram til samarbeidet med Ray. Kvalifiseringsstykket er "Sinfonietta for Brass Band - The Wayfarer" av Eric Ball.

2002/08/23

Sesongstart

Vi startar opp sesongen med første øving mandag 26. august kl 17.30 på Knarvik barneskole. Plan for haustsesongen er og lagt ut. Sjå venstre marg!

2002/06/28

Nye bilete i fotoalbumet

Fotoalbumet er oppdatert med nokre bilete frå årets Grenland Brassfestival. Til medlemmane: Send gjerne fleire!

2002/06/18

Oster Brass har fått internettside!

Vi tar steget ut på nettet for første gang. Det er på tide med tanke på at vi kjøpte domenet for ca 2 år siden. Vi håper å kunne halde sida oppdatert med stoff frå ulike ting som skjer i korpset. Under kan du lese om nokre av hendingane korpset har vore med på denne vårsesongen.

Speling på Dragebåtfestivalen 2002

Lørdag 1. juni spelte ei gruppe frå Oster på Dragebåtfestivalen. Det var ein
spelejobb der vi fulgte oppdragsgjevaren vår ein dag i Bergen sentrum. Først var det ein prosesjon gjennom gatene, og deretter var det speling på Bryggen der rokonkurransen føregjekk. Kombinasjonen av god
From Dragebåtfestivalen 2002
stemning og fantastisk vær gjorde denne dagen til ei flott oppleving. Sjå forøvrig bileta i fotoalbumet!

Nordhordland korpsfestival

Lørdag 25. mai gjekk Nordhordland korpsfestival av stabelen med Oster Brass som teknisk arrangør. Totalt deltok 13 korps, der 11 av desse var skulekorps. Då den delen av festivalen som skulle foregå utendørs praktisk talt var skylla bort av regnet var det godt å kunne trekkja innandørs i Nordhordlandshallen. Speleprogrammet måtte omrokkerast slik at all skulle få spele innandørs minst ein gong. Festivalen vart avslutta med eit kjempekorps beståande av ca 250 deltakarar som spelte "Fagert er landet" og "Nordhordlandsmarsjen" som fellesnumre!

17. mai i Eidfjord.

Vi starta tidlig om morgonen og kjørte med buss i nokre timar frå slitne bygater i Bergen og inn til vakre naturomgivnadar i Hardangerfjorden. I Eidfjord vart vi godt mottekne og vart servert ein liten lunsj før vi skulle spele. Vi marsjerte
i tog ein rundtur i bygda før vi kom i mål ved aldersheimen. Deretter bar det opp til Øvre Eidjord der vi også spelte i eit tog for dei som sokna der. Etter å ha jobba hardt gjennom to tog var gleda stor då vi endeleg kunne innta eit
17. mai måltid i restauranten ved Hardangervidda Natursenter Eidfjord. Til slutt, etter at vi var ferdige med maten, dro vi til Bu for å spele på 17. mai arrangementet der. For oss var det ein kjekk og minnerik dag, og vi merka godt at vi vart satt stor pris på.

Vi vann Grenland!

Revansjerte NM: Den 27. april vart vi kåra til vinnar av 1. divisjon i Grenland Brassfestival 2002. Konkurransen gjekk over to dagar med pliktnummer fredag kveld i Skien kirke. Lørdag formiddag var det programkonkurranse i Dovregubbens hall. Vår gjestedirigent Ray Farr fekk i tillegg prisen for beste pliktnummer i 1.divisjon.

Les forøvrig artikkel i Varden.
Foto: Trine-Lise Gjesdal, Varden

Prosjekt med Seim Songkor

Vi har gjennomført prosjektet med 3 kyrkjekonsertar på Fedje, Myking og indre Arna, den 10.,14. og 15. mars. Til å gjennomføre konsertane hadde vi leigd inn organist og harpist. Vi hadde ein konsertdel, medan koret hadde ein del. Til slutt på programmet stod fellesnummeret "Reqiuem" av Faure. Etter respons frå publikum kan vi sei at prosjektet fall i smak og at kombinasjonen av kor og korps går godt saman.

NM for Brass band 2002

NM føregjekk den 9.februar med gjestedirigent Reid Gilje. Korpset hadde ein fin fremgang fram mot NM, men desverre likte ikkje dommarene det dei fekk høyre, og det vart ein skuffande 10. plass i 1. divisjon med 87 poeng. Dette betyr at vi må spele kvalifisering til hausten for å halde plassen i 1. divisjon...