2002/12/16

Julekonsert i Knarvik misjonshus

Søndag 15. desember vart haustsesongen avrunda med julekonsert i Knarvik misjonshus saman med Knarvik skulekorps. Skulekorpset starta og hadde eit fint program med blant anna "Det lyser i stille grender" og "Mary`s Boychild". Aspirantane til skulekorpset hadde og ei avdeling med "Deilig er jorden" som dei gjennomførte med glans. Vi merkar oss at skulekorpset er i vekst og det er noko som er gledelig for oss med tanke på mogleg framtidig rekruttering.

Oster presenterte tradisjonell julemusikk som "Glade Jul" og "Mitt hjerte alltid vanker" i tillegg til stykka "Dear Lord and Father" og "Christmas Song". Vi avslutta konserten med eit arrangement av "Deilig er jorden" som vi spelte saman med allsang frå publikum. Dette vert det siste de får høyre av oss i år. Men fortvil ikkje: Vi startar opp att alt i januar med NM som første mål på programmet. Då står det berre att å ønske alle ei fredfull jul og eit godt nytt (musikalsk) år!

Ingen kommentarer: