| Søndag kveld kunne du høyra Oster Brass i ”Korpshalvtimen” på NRK P2. Programmet spelte to av melodiane som vi framførte under programkonkurransen på Grenland Brassfestival; ”Shere my yoke” med Sara B. Tvedt som solist og ”You’ll never walk alone”. Det er ikkje kvar dag vi blir kringkasta på radioen, så dette var kjekt. Så sjølv om vi ikkje ”gjekk heilt heim” hos dommarane, så er det i alle fall andre som har latt seg imponere! |
2004/05/04
Oster Brass på radio!
2004/04/30
Mangfaldig kulturskulekonsert!
| Onsdag 28. april var det kulturskulekonsert i Nordhordlandshallen i høve kulturdagane i Nordhordland 2004. Det vart ein omfangsrik konsert med innslag av kor, trekkspel, gamaldans, feler, korps, song, gjøglarar, moderne rytmer og mykje meir. Vi spelte to stykker frå Grenlandsprogrammet. Det var tubakvartetten "Breaking up is hard to do" og kornettsolen "Share my yoke". Det vart stor applaus for Sara som gjorde ei nydeleg framføring av stykket ho fekk solistprisen for i Grenland! |
Sara vann solistprisen i Grenland!
| Sara vann solistprisen i Grenland! [30. april 2004] | |||||||||||||||||||||||||||
Det har blitt ein tradisjonen for oss å delta på den store brassfestivalen på vårparten i Skien. Også i år tok vi turen til Grenland Brassfestival med ambisjonar om ei sosial og kjekk helg! Noko av det som gjer festivalen godt likt er at den lar korpsa presentere ulike sider gjennom fleire konkurransar. I 1. divisjon spelar korpsa ein kyrkjekonsert på fredag, medan det på lørdagen skal framførast ein underhaldningskonsert. | |||||||||||||||||||||||||||
| Vi var fornøgd med spelinga både fredag og lørdag og vart vel litt skuffa då vi fekk vite at vi fekk 4. plassen i 1. divisjon. Skuffelsen vart likevel fort snudd til glede då fekk vite Sara Børslid Tvedt vann solistprisen i 1. divisjon for framføringa av "Share my yoke". Gratulerer Sara! Resultatlista for 1. divisjon finn du her: Dette skreiv BT.no om oss og festivalen høve festivalen: Eikanger-Bjørsvik til topps i Grenland Publisert: 26. apr. 2004, 10:53 Oppdatert: 26. apr. 2004, 11:25 Eikanger-Bjørsvik Musikklag var klart best både på pliktnummeret "Kenilworth" av Sir Arthur Bliss, kirkekonserten, og på det selvvalgte programmet. Korpset forsvarte dermed førsteplassen fra 2003. "Bunnsolid i alle ledd, og fantastisk bra solister", var blant kommentarene fra dommerne.
Fotoalbumet er også oppdatert med nokre bilete... | |||||||||||||||||||||||||||
Program under Grenland Brassfestival
Kyrkjedelen:
Underhaldningskonserten:
- Pliktnummer: "Intrada: Saviour, come to us we pray" av Tom Brevik
- Sjølvvalgt: "Meditation - Just as I am" av W. Heaton.
Underhaldningskonserten:
- You'll never walk alone, Richard Rogders/arr. Howard Snell
- bREAKING uP iS hARD tO dO, Neil Sedaka/arr. Frode Rydland Tubakvartett med "The happy basses": Trond Bjørstad, Odd-Gunnar Larsen, Nils-Arne Træland og Rebecca Fjeldsbø
- Share my yoke, Joy Webb/arr. Ivor Bosanko BB-kornett solo med Sara Kristina Børslid Tvedt.
- Riverdance, Bill Whelan/arr. Ray Farr
2004/04/06
God påske!
| Vi vil gjerne ynskje alle medlemmar, venner og kjente ei riktig god påske! På programmet etter påske er det Grenland Brassfestival. Festvialen er i Skien og går av stabelen 23.-25. april. For dei som ikkje får høyrt oss der, skal vi | ||
| framføre delar av Grenland-programmet på kulturskulekonsert den 28. april i Nordhordlandshallen. Men no først vert det feriekos. Spenn på dykk skia og finn fram varm kakao, Kvikk Lunsj og appelsiner! Ha ei riktig god påske! | ||
Abonner på:
Innlegg (Atom)



