2009/09/27

Huskonsert

Måndag 27.september inviterar Oster Brass til konsert i Musikkhuset kl 20.00. På programmet står eit variert utvalg av musikk, mellom anna kvalifiseringsstykket til NM 2010. Etter fjorårets låge plassering i NM må vi i år gjennom ein kvalifiseringskonkurranse for å forhåpentleg berge plassen i 1.divisjon.

På programmet står følgande:
- Punchinello, William Rimmer.
- Could we be magic like you, Lee Curreri.
- Quintessence, Robert Redhead.
- Variations - Celestial Prospect, Wilfred Heaton.
- Nu rinner solen opp, Svein H. Giske.
- Postludium, Vamp. Arr. Torstein Aa-Nilsen.

Dirigent er Torstein Aagard Nilsen.


Fri inngang.

2009/09/11

Sesongen er i gang

Årets sesong er godt i gang, og Oster Brass har mykje på programmet framover. Det vert konsert, kvalifisering til NM og deltaking i Siddis Brass som står i fokus dei næraste månadane. Sist helg hadde korpset si fyrste seminar helg i Musikkhuset i Knarvik.

Vi har ny fast dirigent og musikalsk ansvarleg, Torstein Aagaard Nilsen. Dette er vi veldig stolte av og fornøgde med og vi gler oss stort til arbeidet med han vidare denne sesongen!

Fyrste sjansen til å høyra Oster Brass i år vert måndag 28.september, då held me konsert i Musikkhuset. Vi kjem tilbake med nærare info. Vi håpar å sjå deg der! Om ikkje er det berre til å stikke hovudet innom og helse på oss i Musikkhuset - vi er der kvar måndag frå 19-22.

2009/09/10

Medlemmer sesongen 2009-2010



Eb. Cornet:Hildegunn Amble Anundsen




Principal cornet:Sara Beate Larsen



Solo cornets:Evy Karin Sæterdal

Benedicte M. Torsvik


Lydia Hoen Tjore







Rep. Cornet:Kristin Jordal




2.og 3 Cornet:Anja Grønnevik Stavland


Jonathan M. Torsvik


Sondre Blom


Marit Skeie


Jeanet Lindås



Flugel horn:Åge Torsvik




Solo horn:Tore Nyhammer

1st horn:Marte Skattebo




2nd horn:Maria Børslid Tvedt


Solveig Ruth Takle




1st bariton:Solveig Eknes

2nd bariton:Ingvild Eknes



Euphonium:Jorunn Nedreås

Birte Holm




1st trombone:Endre Rydland Vetås

2nd trombone:Marit Hellestveit
Susanne G. Vaktskjold

Bass trombone:Liv Marie Lie




Eb-Tuba:Ole Christian Netland

Kristian Kleveland







Bb-Tuba:Trond Rognebakke Bjørstad

Martin Andre Bjørnsen




Slagverk:Bjørn Tore Jordal

Andreas Dyngen











2009/05/10

Tur til Jølster

24.-26.april var korpset på tur til Jølster. På programmet stod øving, konsert og ikkje minst sosialt samvær. Vi budde på Jølstraholmen Camping og innlosjerte oss der fredag kveld. Grilling ute vart av nokon skrinlagt på grunn av spreing av illeluktande naturgjødsel.... dette la likevel ikkje nokon dempar på hyttekosen, og det vart ein hyggeleg kveld. Laurdag var det øving på dagtid og meir hyttekos på kveldstid. Årets Mr.Oster måtte kårast og etter runder med ulike testar gjekk den unge mr.Jonathan Torsvik av med sigeren. Han var med oss for fyrste gong, og gjorde ein flott innsats! Ikkje alle som kan skilte med slik ein gjev tittel etter så kort fartstid i korpset!

Søndag kom det musikalske høgdepunktet, då hadde vi konsert saman med Jølster Musikklag. Dei vert dirigerte av Arvid Anthun og er eit korps som har imponert mykje dei siste åra. Jamt og trutt har dei klatra seg oppover i divisjonane og er no eit habilt 1.divisjonskorps, det einaste i Sogn og Fjordane. Dei spelte flott og underhaldande storbandsmusikk, med fleire songsolistar. Publikum fekk servert klassikarar som "Mack the knife", "Big Spender" og "My funny Valentine".
Oster framførte mellom anna musikk av Sagvart Dagsland og Jan Eggum, og fleire av nummera var arrangerte av Svein Henrik Giske, som har vore Oster sin dirigent i perioden etter NM.

Konserten med Jølster Musikklag vart eit musikalsk møte som absolutt kan gjentakast, og det verka som publikum også sette pris på musikken dei fekk høyre.

Alle var einige om at det var ein fin tur!

2009/02/11

11.plass på NM




Oster Brass spelte laurdag kl 11.05 og det var god stemning i korpset og mange folk i salen under framføringa av "Essence of time". Jamt over var vi godt fornøgde med framføringa og hadde ein grei følelse etterpå. Men i 1.divisjon er konkurransen beinhard, og dommarane plasserte oss på 11.plass. Ein del skuffelse var det nok, men det heiter seg vel at resultatet ikkje er det viktigaste? Sjølv om vi gjerne skulle ha komt lenger opp på lista er vi likevel nøgde med framføringa vår.

Vi vil rette stor takk til Torstein for ei kjekk og inspirerande oppkøyring til konkurransen, vi ser fram til vidare samarbeid ved seinare anledningar!

Resultatet medfører at vi rykte ned til 2.divisjon og må spele, og vinne, kvalifisering for å få stille i 1.divisjon under NM 2010. Det er open kvalifisering til 1.divisjon og det er ein plass ledig. NM-kvalifiseringa vert avvikla til hausten.

I fotoalbumet til høgre kan du sjå fleire bilete frå NM