24.-26.april var korpset på tur til Jølster. På programmet stod øving, konsert og ikkje minst sosialt samvær. Vi budde på Jølstraholmen Camping og innlosjerte oss der fredag kveld. Grilling ute vart av nokon skrinlagt på grunn av spreing av illeluktande naturgjødsel.... dette la likevel ikkje nokon dempar på hyttekosen, og det vart ein hyggeleg kveld. Laurdag var det øving på dagtid og meir hyttekos på kveldstid. Årets Mr.Oster måtte kårast og etter runder med ulike testar gjekk den unge mr.Jonathan Torsvik av med sigeren. Han var med oss for fyrste gong, og gjorde ein flott innsats! Ikkje alle som kan skilte med slik ein gjev tittel etter så kort fartstid i korpset!
Søndag kom det musikalske høgdepunktet, då hadde vi konsert saman med Jølster Musikklag. Dei vert dirigerte av Arvid Anthun og er eit korps som har imponert mykje dei siste åra. Jamt og trutt har dei klatra seg oppover i divisjonane og er no eit habilt 1.divisjonskorps, det einaste i Sogn og Fjordane. Dei spelte flott og underhaldande storbandsmusikk, med fleire songsolistar. Publikum fekk servert klassikarar som "Mack the knife", "Big Spender" og "My funny Valentine".
Oster framførte mellom anna musikk av Sagvart Dagsland og Jan Eggum, og fleire av nummera var arrangerte av Svein Henrik Giske, som har vore Oster sin dirigent i perioden etter NM.
Konserten med Jølster Musikklag vart eit musikalsk møte som absolutt kan gjentakast, og det verka som publikum også sette pris på musikken dei fekk høyre.
Alle var einige om at det var ein fin tur!
2009/05/10
2009/02/11
11.plass på NM
Oster Brass spelte laurdag kl 11.05 og det var god stemning i korpset og mange folk i salen under framføringa av "Essence of time". Jamt over var vi godt fornøgde med framføringa og hadde ein grei følelse etterpå. Men i 1.divisjon er konkurransen beinhard, og dommarane plasserte oss på 11.plass. Ein del skuffelse var det nok, men det heiter seg vel at resultatet ikkje er det viktigaste? Sjølv om vi gjerne skulle ha komt lenger opp på lista er vi likevel nøgde med framføringa vår.
Vi vil rette stor takk til Torstein for ei kjekk og inspirerande oppkøyring til konkurransen, vi ser fram til vidare samarbeid ved seinare anledningar!
Resultatet medfører at vi rykte ned til 2.divisjon og må spele, og vinne, kvalifisering for å få stille i 1.divisjon under NM 2010. Det er open kvalifisering til 1.divisjon og det er ein plass ledig. NM-kvalifiseringa vert avvikla til hausten.
I fotoalbumet til høgre kan du sjå fleire bilete frå NM
2009/02/07
2009/02/06
Klare til dyst
Det er fredag og årets brass-happening står for døra. No skal fleire vekers øving kuliminere i drøye ti minutt på scena i Grieghallen og vi i Oster Brass gler oss! Vi har i år valgt stykket "Essence of time" av Peter Graham og vert dirigert av Torstein Aagaard Nilsen. Oster Brass går på scena laurdag føremiddag, men tidspunktet vert ikkje sett før i kveld.

Onsdag kveld spelte vi konsert på Hundvin saman med Lindås Brass og Bergen Brass, og såleis også generalprøve på årets stykke. Det er fleire solistar i stykket og til venstre ser de nokon av dei ta imot velfortent applaus under konserten. Det var kjekt å få framføre etter mykje arbeid, og i kveld tek korpset siste finpussen før den store dagen.
Vi ynskjer andre korps og konkurrentar lykke til i helga - og håpar sjølvsagt at vi ser mange ansikt i salen på laurdag!

2008/11/03
Midt på i Siddis
SOster Brass endte på ein delt 7.plass under årets Siddis Brass, og hamna dermed på midten av resultatlista, som tilsaman talde 14 deltakarar. Plassen delte vi med det rykande ferske Bjørsvik Brass, som består av tidlegare medlemmar frå Eikanger Bjørsvik Musikklag.
Vi hadde ei svært kjekk og god "oppkøyring" mot konkurransen, saman med dirigent Sturle Berntsen. Vi følte at ting gjekk bra på scena og at vi fekk vist mykje av det vi kunne. Ingen store skandalar, sjølv om det sjølvsagt alltid kjem nokon feilskjær som ikkje har vore der før. Alt i alt var vi godt nøgde, og vi hadde mange solistar i korpset som fekk vist seg fram.
Vi vil rette ei stor takk til Sturle for ei flott periode! Korpset har trivst godt saman med den nye bekjentskapen og vi ser fram til framtidige samarbeid.
Til slutt vil vi få gratulere alle vinnarane under konkurransen, i tillegg til vårt nabokorps Lindås Brass, som tok ein flott 2.plass i 2.divisjon!

Abonner på:
Innlegg (Atom)