2007/02/10

Laurdag morgon, NM 2006

I mangel av oppdateringar kjem det no ei i siste liten. No er det mindre enn 4 timar til vi skal i elden. Oster Brass skal spele som nummer 7, kl 11:45, i den store salen. Før det skal vi ha ei lita øving på Nygård skule for å komme godt i gang med dagen.

Korpset har hatt ei god musikalsk utvikling den siste veka. Vi har hatt øving kvar dag, bortsett frå på onsdag då vi hadde før-NM konsert saman med Austrheim-Lindås Musikklag i samfunnshuset på Hundvin.

Samarbeidet med NM-dirigenten vår Torstein Aagaard-Nilsen har fungert kjempebra. Han har vore særs inspirerande å ha. Han vore ivrig og har hatt ekstra fokus på intonasjon og musisering. No i dag vert det berre opp til musikantane å gjennomføra det vi har øvd på!

Under skrivinga av dette innlegget er frukosten fortært, og underteikna skal ned og høyre på Haukås Musikklag som startar årets førstedivisjon. Lukke til til alle korps i divisjonen! Måtte den beste vinne!

Ingen kommentarer: