2007/11/04

Korpset i hundre!

Årets Siddis Brass vart som venta ei kjekk helg. Det er haustens store høgdepunkt for mange korps, Oster Brass inkludert. Vi gjekk på scena kl 16.30, som siste korps ut. Vi var på førehand ganske spente på korleis programmet skulle falle i smak ettersom vi kanskje tøyde den typiske definisjonen av underhaldningsmusikk noko. Seinare på kvelden kom resultatet: 92 poeng på speling og 8 på programval gav oss nøyaktige 100 poeng og ein flott femte plass, noko vi var godt nøgde med! Vi er spesielt stolte over alle dei nye og unge musikantane våre - dei har gjort ein solid og strålande innsats og vi er veldig glade for å ha fått med oss så mange av dei unge og lovande musikantane frå dei lokale skulekorpsa.

Vi vil også takke Torstein for ei flott oppkøyring til Siddis og med ei fin oppleving på scena. Vi ser fram til vidare samarbeid! :)

Vi gratulerar også Eikanger-Bjørsvik Musikklag med sigeren i eliten! Gratulasjonar går også til øvrige vinnarar i konkurransen. Fullstendig liste med resultat frå helga finn de på sidene til Siddis Brass.

Ingen kommentarer: