2012/05/16

Oster Brass takkar for ein flott sesong!

Vil først berre beklage dårleg oppdatering her på heimesida. Dette grunna webansvarleg er ute i mammapermisjon og kosar seg med det! :)
Det vart diverre ingen tur til Eidfjord denne sesongen for Oster Brass, men me håpar på å gjenta dette og skape skikkeleg nasjonalromanse på 17. mai.
Ei lita oppsummering frå siste del av sesongen. Etter ein fantastisk 4. plass i NM Brass inviterte Oster Brass Radøy Brass og Lindås Brass til Brasswake med konsert, pizza, masseband og fest. Dette var grådig morro og me håper å kunne gjenta dette til hausten!
I april hadde me gleden av å få være med på eit korarrangement, Solsongen, arrangert av Torstein, vår flinke og kjekke dirigent. Dette fann stad i Johanneskirken med ca.100 aktørar i samspel og fullsatt kyrkje. Oster gjorde ein fin figur og me er veldig glad for å få vere med på eit slikt prosjekt.
Som sesongavslutning reiste me helga etter til Skjerjehamn, der me hadde konsert på Byrknes saman med Byrknes skulekorps, òg her vart det full sal! :) Me overnatta på Skjerjehamn og hadde ei fin sosial helg med musikalske innslag som tenpiecespeling og utekonsert på kaien søndagen.

Ønsker med dette alle musikantar og tilhengare ein flott sommar! Sjåas til hausten! :)


Ingen kommentarer: