2014/01/03

2013: Det store andreplass-året for Oster brass

2013 starta med brass-NM i Grieghallen 9. februar. Oster spelte "Brass Blót" av Håkon Berge, og var eit av to korps som valde eit stykke norsk musikk av alle deltakande i NM. Me hadde ei fin oppkjøring, ei positiv oppleving på scena, klinka til, og vart løna med ein flott andreplass, kun slått av Bjørsvik Brass. 2. plass i 1. divisjon det beste resultatet NM på lenge for Oster!


Oster Brass på scena. Foto: Rolf Hestetræet

Erik Træland Hella på scena under premieutdelinga på NM


Oster Brass har fleire gongar delteke i Grenland Internasjonale Brassfestival, og 2013 var ikkje eit unntak. I år tenkte me stort og melde oss på i elitedivisjonen etter det gode resultatet i NM. Pliktnummeret var "Searching for Light"av Stig Nordhagen. Før Grenland-konserten var saman med Krohnengen Brass Band og Rong Brass i Logen i Bergen, ein god generalprøve for korpset.

I elitedivisjonen i Grenland er det tre konsertar: kyrkjekonsert i Skien kirke, pliktnummer og underhaldningskonsert dagen etter i konsertsalen. Konkurrentane var Oslofjord Brass og Montebello, og når resultata kom vart Oster lest opp på 2. plass føre Montebello. Slett ikkje verst for debuten i elitedivisjon! Med det tok Oster Brass sumarferie, og sesongen 2012-2013 var over.
Frå kyrkjekonserten i Skien kirke


Etter sumarferien var det første for Oster Brass å halde konsert under BrassWind-festivalen til Manger Musikklag, heime på Manger. Me førebudde eit variert program, og det kom mykje folk på konserten.

Bilete frå BrassWind-konserten på Manger


Neste var Siddis Brass, og nok ein andreplass i førstedivisjon for Oster Brass, kun slått av Alexander Brass. Igjen eit kjemperesultat!

Trombonekvartet på "Før-Siddiskonsert" i Knarren
 
Erik Træland Hella, Geir Rydland og Nils Arne Træland. Bilete frå Siddis

Etter Siddis har me hatt Reid Gilje som gjestedirigent, på dei to siste konsertane dette året. Først ut var det "Brassvake" med Radøy Brass på Manger Folkehøgskule. Me førebudde eit program sett saman av musikk frå Siddis, og mykje ny musikk. Etter konsertane med påføgjande massed-band hadde me felles avfrasering med pizza og sosialisering saman med Radøy Brass på Dale Grendahus der dei har øvingane sine. Ein kjekk kveld!

Før jul var det mykje nissespelingar i Knarvik senter: kvar måndag i desember, kundeklubbkveld i senteret og julegateopning, alt før jul. Me hadde vår siste konsert i for året saman med Kor é Resten sundag 15. desember for eit fullsett Knarvik Misjonshus.

Me takkar Torstein Aagaard-Nilsen og gjestedirigent Reid Gilje for super innsats i 2013, og me gler oss til å ta fatt på det nye året.

Godt nytt år!

Ingen kommentarer: