2006/11/14

Oster Brass spelar inn CD!

No er me komne til ein spanande og ikkje minst utfordrande post i sesongplanen vår. Me skal byrje å spele inn CD. Dette har vore planlagt ei stund, og no skal me endeleg i gong.

Me skal ha innspeling i to omgangar, den eine no før jul, og den andre etter NM.
I første omgang skal me spele inn Nordiske Messingtonar. Dette verket vart spesialskrive til Oster Brass av Frode Rydland i samband med deltakinga vår i Siddis Brass 2005, og det vart så bra at me vann første divisjon dette året. No skal det altså på plate, og nok ein gong er det Frode Rydland som skal svinge dirigentpinnen framfor korpset.

Innspelingshelga vert 9. og 10. desember, og me er snart i full gong med øving. Me ser fram til innspelinga, og det skal verte kjekt å ha Frode som dirigent att.

Følg med for fleire oppdateringar, kanskje kjem det bilete frå øvingane også..

Fotoalbum med bilete frå øvingane.

Ingen kommentarer: