2006/11/08

Vellukka helg i Stavanger!

Det var stor jubel i Oster Brass då resultatet frå 1.divisjon i Siddis 2006 var klart laurdag kveld.

Etter framføringa på Clarion tidlegare på dagen var vi godt nøgde, mykje av det som hadde vorte vektlagt på øvingar dei siste dagane før konkurransen fall endeleg på plass, og korpset hadde det kjekt på scena. Attendemeldingane frå publikum var og positive. Det var sjølvsagt ein ekstra opptur at dommarane og let seg begeistre, og plasserte oss på tredje plass av dei 13 korpsa i divisjonen. Med våre 92+9 poeng måtte vi berre sjå oss slått av Kleppe Musikklag og Hasle Brass. I dommarkommentarane var det mange positive kommentarar, mellom anna for godt slagverk, og for Tine Maren Revheim sin innsats som hornsolist.

Takk til dirigentane våre, Hogne Holmås og Jane Westervik for ei fin oppkøyring til konkurransen! Takk og til vikarane vi hadde med oss, vonar de har lyst til å vere med ved seinare høve! Dessutan gratulasjoner til Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Kleppe Musikklag, Rong Brass og Manger Old Star som vann sine divisjonar!

Ingen kommentarer: