2002/06/28

Nye bilete i fotoalbumet

Fotoalbumet er oppdatert med nokre bilete frå årets Grenland Brassfestival. Til medlemmane: Send gjerne fleire!

2002/06/18

Oster Brass har fått internettside!

Vi tar steget ut på nettet for første gang. Det er på tide med tanke på at vi kjøpte domenet for ca 2 år siden. Vi håper å kunne halde sida oppdatert med stoff frå ulike ting som skjer i korpset. Under kan du lese om nokre av hendingane korpset har vore med på denne vårsesongen.

Speling på Dragebåtfestivalen 2002

Lørdag 1. juni spelte ei gruppe frå Oster på Dragebåtfestivalen. Det var ein
spelejobb der vi fulgte oppdragsgjevaren vår ein dag i Bergen sentrum. Først var det ein prosesjon gjennom gatene, og deretter var det speling på Bryggen der rokonkurransen føregjekk. Kombinasjonen av god
From Dragebåtfestivalen 2002
stemning og fantastisk vær gjorde denne dagen til ei flott oppleving. Sjå forøvrig bileta i fotoalbumet!

Nordhordland korpsfestival

Lørdag 25. mai gjekk Nordhordland korpsfestival av stabelen med Oster Brass som teknisk arrangør. Totalt deltok 13 korps, der 11 av desse var skulekorps. Då den delen av festivalen som skulle foregå utendørs praktisk talt var skylla bort av regnet var det godt å kunne trekkja innandørs i Nordhordlandshallen. Speleprogrammet måtte omrokkerast slik at all skulle få spele innandørs minst ein gong. Festivalen vart avslutta med eit kjempekorps beståande av ca 250 deltakarar som spelte "Fagert er landet" og "Nordhordlandsmarsjen" som fellesnumre!

17. mai i Eidfjord.

Vi starta tidlig om morgonen og kjørte med buss i nokre timar frå slitne bygater i Bergen og inn til vakre naturomgivnadar i Hardangerfjorden. I Eidfjord vart vi godt mottekne og vart servert ein liten lunsj før vi skulle spele. Vi marsjerte
i tog ein rundtur i bygda før vi kom i mål ved aldersheimen. Deretter bar det opp til Øvre Eidjord der vi også spelte i eit tog for dei som sokna der. Etter å ha jobba hardt gjennom to tog var gleda stor då vi endeleg kunne innta eit
17. mai måltid i restauranten ved Hardangervidda Natursenter Eidfjord. Til slutt, etter at vi var ferdige med maten, dro vi til Bu for å spele på 17. mai arrangementet der. For oss var det ein kjekk og minnerik dag, og vi merka godt at vi vart satt stor pris på.

Vi vann Grenland!

Revansjerte NM: Den 27. april vart vi kåra til vinnar av 1. divisjon i Grenland Brassfestival 2002. Konkurransen gjekk over to dagar med pliktnummer fredag kveld i Skien kirke. Lørdag formiddag var det programkonkurranse i Dovregubbens hall. Vår gjestedirigent Ray Farr fekk i tillegg prisen for beste pliktnummer i 1.divisjon.

Les forøvrig artikkel i Varden.
Foto: Trine-Lise Gjesdal, Varden

Prosjekt med Seim Songkor

Vi har gjennomført prosjektet med 3 kyrkjekonsertar på Fedje, Myking og indre Arna, den 10.,14. og 15. mars. Til å gjennomføre konsertane hadde vi leigd inn organist og harpist. Vi hadde ein konsertdel, medan koret hadde ein del. Til slutt på programmet stod fellesnummeret "Reqiuem" av Faure. Etter respons frå publikum kan vi sei at prosjektet fall i smak og at kombinasjonen av kor og korps går godt saman.

NM for Brass band 2002

NM føregjekk den 9.februar med gjestedirigent Reid Gilje. Korpset hadde ein fin fremgang fram mot NM, men desverre likte ikkje dommarene det dei fekk høyre, og det vart ein skuffande 10. plass i 1. divisjon med 87 poeng. Dette betyr at vi må spele kvalifisering til hausten for å halde plassen i 1. divisjon...