2003/06/17

Dirigentskifte neste sesong

Etter 4 år med Frode Rydland som fast dirigent, tek kornettkollega Jane Westervik frå EBML over som ny musikalsk ansvarleg frå neste sesong.

Korpset vil i dette høvet takka Frode for samarbeidet. Under leiinga hans har korpset hatt gode resultat i konkurransar med bl.a. 2. og 3. plass i 1. divisjon i Siddis Brass i henholdsvis 1999 og 2001, og 2. plass i 1. divisjon under Grenland Brassfestival 2003. Frode er dessutan ein dyktig arrangør og det har korpset kunne nyte godt av. Vi har fått prøve fleire av hans arrangement, og har med det kunne spelt ny musikk som ikkje har vore tilgjengelig for andre korps. Dette har vorte satt stor pris på! Sjølv om Frode ikkje lenger skal være fast dirigent, så gjev vi ikkje heilt slepp på samarbeidet med han. På vårparten hankar vi han nemlig inn att for å leia eit større prosjekt.

Når det gjeld planlegginga av neste sesong er vi godt på veg. Besetninga er stort sett på plass og sesongplanen for hausten er klar. Sjå i til venstre i margen! I tillegg til Jane og Frode vil vi nytta nokre andre eksterne prosjektdirigentar. Kven dette er vil vi kome tilbake til når avtalane er endelege. Vi startar opp att neste sesong den 25. august, så fram til då får vi ønskje alle ein riktig god SOMMARFERIE!