2009/12/11

Julekonsert med Knarvik Skulekorps!


Tradisjonen tru heldt Oster Brass den årlege julekonserten saman med Knarvik Skulekorps. Denne kan høyras og sjåast i Knarren sundag 13. desember klokka 18.00!
Det vert mykje spennande og fin julemusikk og enkelte solistar dukkar òg opp!


Vel møtt til ein triveleg julekonsert!

Oster Brass lanserer CD: Han Mass og han Lass




























CD-en "Han Mass og han Lass" er lansert og består av høyrevenleg musikk arrangert av Frode Rydland!


CD-en vert solgt av medlemmar i Oster og pris er kr 160,-

Du kan og bestille CD-en ved å sende ein e-post til osterbrass@gmail.com

Årets julegåve!



Facebook-side for cd-lanseringa: http://www.facebook.com/pages/Oster-Brass-lanserer-CD-Han-Mass-og-han-Lass/199347601937

2009/11/13

Siddis resultatet

Forrige helg var som kjent årets siddis- helg, og me kan vel sei at det blei ei vellykka helg. Oster Brass kom på 5. plass i 1. divisjon, og var svært fornøyd med det. Me vil òg gratulere Askøy Brass med 1. plass i 1. divisjon.


2009/10/30

Resultat NM-kvalifisering

Vi vil gratulere Tromsø Brass med sigeren i NM-kvalifiseringa, og ønskje dei lykke til i 1.divisjon i NM 2010. Oster Brass kom på 3. plass, og må dermed spele i 2.divisjon kommande NM, men vi kjem sterkt tilbake!

2009/10/20

SiddiS - SiddiS


Vinteren nærmar seg og tradisjonen tru flyg Oster Brass nok ein gong mot sør, nærare bestemt Stavanger og Siddis Brass. Etter ei fin kvalifiseringsoppkjøring er ambisen på topp og me hiv oss ut på nytt prosjekt med ny giv! Oster Brass med Torstein Aagaard-Nilsen bak rattet stiller i år med eit klassisk underhaldningsprogram i håp om å sjarmere dommarane!

Oster Brass og Siddisprogrammet kan høyrast og sjåast i Åsatun onsdag 4. november kl 19.00 saman med Haukås Musikklag og Manger Musikklag.

Vel møtt!

NM-kvalifisering

Etter ei noko skuffande plassering i NM 2009 tidlegare i år havna Oster Brass på 11. plass og var nødt til å kvalifisera seg for å behalde plassen i 1. divisjon. Innspelinga av kvalifiseingsstykket vart gjort onsdag 14. oktober i det nye lokalet til Knarvik Vidaregåande Skule, Knarren, med brakande suksess!


Kvalifiseringsstykket i år var Quintessence av Robert Redhead og vår faste dirigent, Torstein Aagaard-Nilsen losa oss trygt og sikkert gjennom dette. Vår trufaste fotograf/Bb-tubaist, Trond, hadde med seg kameraet sitt og i vårt fotogalleri kan du sjå korleis delar av innspelinga gjekk føre seg.
Om få dagar vert det klart om Oster Brass held seg i 1.divisjon... Følg med!

2009/09/27

Huskonsert

Måndag 27.september inviterar Oster Brass til konsert i Musikkhuset kl 20.00. På programmet står eit variert utvalg av musikk, mellom anna kvalifiseringsstykket til NM 2010. Etter fjorårets låge plassering i NM må vi i år gjennom ein kvalifiseringskonkurranse for å forhåpentleg berge plassen i 1.divisjon.

På programmet står følgande:
- Punchinello, William Rimmer.
- Could we be magic like you, Lee Curreri.
- Quintessence, Robert Redhead.
- Variations - Celestial Prospect, Wilfred Heaton.
- Nu rinner solen opp, Svein H. Giske.
- Postludium, Vamp. Arr. Torstein Aa-Nilsen.

Dirigent er Torstein Aagard Nilsen.


Fri inngang.

2009/09/11

Sesongen er i gang

Årets sesong er godt i gang, og Oster Brass har mykje på programmet framover. Det vert konsert, kvalifisering til NM og deltaking i Siddis Brass som står i fokus dei næraste månadane. Sist helg hadde korpset si fyrste seminar helg i Musikkhuset i Knarvik.

Vi har ny fast dirigent og musikalsk ansvarleg, Torstein Aagaard Nilsen. Dette er vi veldig stolte av og fornøgde med og vi gler oss stort til arbeidet med han vidare denne sesongen!

Fyrste sjansen til å høyra Oster Brass i år vert måndag 28.september, då held me konsert i Musikkhuset. Vi kjem tilbake med nærare info. Vi håpar å sjå deg der! Om ikkje er det berre til å stikke hovudet innom og helse på oss i Musikkhuset - vi er der kvar måndag frå 19-22.

2009/09/10

Medlemmer sesongen 2009-2010



Eb. Cornet:Hildegunn Amble Anundsen




Principal cornet:Sara Beate Larsen



Solo cornets:Evy Karin Sæterdal

Benedicte M. Torsvik


Lydia Hoen Tjore







Rep. Cornet:Kristin Jordal




2.og 3 Cornet:Anja Grønnevik Stavland


Jonathan M. Torsvik


Sondre Blom


Marit Skeie


Jeanet Lindås



Flugel horn:Åge Torsvik




Solo horn:Tore Nyhammer

1st horn:Marte Skattebo




2nd horn:Maria Børslid Tvedt


Solveig Ruth Takle




1st bariton:Solveig Eknes

2nd bariton:Ingvild Eknes



Euphonium:Jorunn Nedreås

Birte Holm




1st trombone:Endre Rydland Vetås

2nd trombone:Marit Hellestveit
Susanne G. Vaktskjold

Bass trombone:Liv Marie Lie




Eb-Tuba:Ole Christian Netland

Kristian Kleveland







Bb-Tuba:Trond Rognebakke Bjørstad

Martin Andre Bjørnsen




Slagverk:Bjørn Tore Jordal

Andreas Dyngen











2009/05/10

Tur til Jølster

24.-26.april var korpset på tur til Jølster. På programmet stod øving, konsert og ikkje minst sosialt samvær. Vi budde på Jølstraholmen Camping og innlosjerte oss der fredag kveld. Grilling ute vart av nokon skrinlagt på grunn av spreing av illeluktande naturgjødsel.... dette la likevel ikkje nokon dempar på hyttekosen, og det vart ein hyggeleg kveld. Laurdag var det øving på dagtid og meir hyttekos på kveldstid. Årets Mr.Oster måtte kårast og etter runder med ulike testar gjekk den unge mr.Jonathan Torsvik av med sigeren. Han var med oss for fyrste gong, og gjorde ein flott innsats! Ikkje alle som kan skilte med slik ein gjev tittel etter så kort fartstid i korpset!

Søndag kom det musikalske høgdepunktet, då hadde vi konsert saman med Jølster Musikklag. Dei vert dirigerte av Arvid Anthun og er eit korps som har imponert mykje dei siste åra. Jamt og trutt har dei klatra seg oppover i divisjonane og er no eit habilt 1.divisjonskorps, det einaste i Sogn og Fjordane. Dei spelte flott og underhaldande storbandsmusikk, med fleire songsolistar. Publikum fekk servert klassikarar som "Mack the knife", "Big Spender" og "My funny Valentine".
Oster framførte mellom anna musikk av Sagvart Dagsland og Jan Eggum, og fleire av nummera var arrangerte av Svein Henrik Giske, som har vore Oster sin dirigent i perioden etter NM.

Konserten med Jølster Musikklag vart eit musikalsk møte som absolutt kan gjentakast, og det verka som publikum også sette pris på musikken dei fekk høyre.

Alle var einige om at det var ein fin tur!

2009/02/11

11.plass på NM




Oster Brass spelte laurdag kl 11.05 og det var god stemning i korpset og mange folk i salen under framføringa av "Essence of time". Jamt over var vi godt fornøgde med framføringa og hadde ein grei følelse etterpå. Men i 1.divisjon er konkurransen beinhard, og dommarane plasserte oss på 11.plass. Ein del skuffelse var det nok, men det heiter seg vel at resultatet ikkje er det viktigaste? Sjølv om vi gjerne skulle ha komt lenger opp på lista er vi likevel nøgde med framføringa vår.

Vi vil rette stor takk til Torstein for ei kjekk og inspirerande oppkøyring til konkurransen, vi ser fram til vidare samarbeid ved seinare anledningar!

Resultatet medfører at vi rykte ned til 2.divisjon og må spele, og vinne, kvalifisering for å få stille i 1.divisjon under NM 2010. Det er open kvalifisering til 1.divisjon og det er ein plass ledig. NM-kvalifiseringa vert avvikla til hausten.

I fotoalbumet til høgre kan du sjå fleire bilete frå NM

2009/02/07

NM 2009 - Omtale på blogg.nrk.no

Espen Selvik skreiv ein kommentar om framføring vår på blogg.nrk.no


2009/02/06

Klare til dyst

Det er fredag og årets brass-happening står for døra. No skal fleire vekers øving kuliminere i drøye ti minutt på scena i Grieghallen og vi i Oster Brass gler oss! Vi har i år valgt stykket "Essence of time" av Peter Graham og vert dirigert av Torstein Aagaard Nilsen. Oster Brass går på scena laurdag føremiddag, men tidspunktet vert ikkje sett før i kveld.


Onsdag kveld spelte vi konsert på Hundvin saman med Lindås Brass og Bergen Brass, og såleis også generalprøve på årets stykke. Det er fleire solistar i stykket og til venstre ser de nokon av dei ta imot velfortent applaus under konserten. Det var kjekt å få framføre etter mykje arbeid, og i kveld tek korpset siste finpussen før den store dagen.


Vi ynskjer andre korps og konkurrentar lykke til i helga - og håpar sjølvsagt at vi ser mange ansikt i salen på laurdag!