2003/09/21

Ledige plassar til Siddis Brass

Vi vil med dette informere om at vi har ledige plassar i bussen til Siddis. Bussen startar i Knarvik og kjører innom Bergen på veg mot Stavanger. Vi er ein sosial gjeng og kan lokke med god underhaldning under heile turen. Dersom nokon er interesserte i å sitte på kan dei ta kontakt med Birthe på 97971215 eller h101371@stud.hib.no. Velkommen ombord!

Litt om NM-kvalifiseringa

"John O'Gaunt" av Gilbert Winter er kvalifiseringsstykket til 1. divisjon i år og vi er godt i gang med innøvinga. Det er eit krevande stykke men vi håpar å komme gjennom nålauget og kvalifisere oss også i år. Vi planlegg å spele inn opptak den 2. oktober slik at vi blir ferdig før haustferien.

Konsert med Frank Brodahl

Mandag 15. september hadde vi konsert på Manger folkehøgskule saman med korpset på skulen. Før konserten hadde Frank Brodahl eit interessant foredrag om fysisk speleteknikk. På sjølve konserten spelte vi først NM-kvalifiseringsstykket. Deretter avslutta vi med "Suavito" med Frank Brodahl på solo trompet. Det var artig å kompe ein profesjonell musikar og å få eit lite innblikk i storbandmusikken. Folkehøgskulen spelte og nokre stykker med Frank i tillegg til "A child is born" med saxofonsolist.

Vellukka seminar i Eidfjord

Helga 5.-7. september dro korpset til Eidfjord for å øve og å bli kjent med dei nye medlemma. Vi budde på Bergslien Turistheim like ungdomshuset der vi øvde. Når det gjeld føde fekk vi servert frukost på kommunehuset. Den var det ordføraren som stod for og han gjorde ein kjempeinnsats! Resten av måltida fekk vi på Hotell Vøringsfoss, så vi hadde det bra på matfronten. Vi øvde mykje, både på NM-kvalifiseringsstykket og på Siddisprogrammet. I tillegg til øvinga hadde vi og ein interessant diskusjon om korpset sine mål og visjonar.

Det var ikkje berre vi som var tilreisande denne helga. Det var arrangert nordisk meisterskap i volleyball for herrar junior. I høve dette underholdt vi i idrettshallen før den siste volleyballkampen og spelte fanfarar på premiutdelinga etterpå.

Det var ei vellukka helg både musikalsk og sosialt, og vi vil takke alle som tok i mot oss og la tilrette for at vi øvingseminaret vårt.