2003/09/21

Vellukka seminar i Eidfjord

Helga 5.-7. september dro korpset til Eidfjord for å øve og å bli kjent med dei nye medlemma. Vi budde på Bergslien Turistheim like ungdomshuset der vi øvde. Når det gjeld føde fekk vi servert frukost på kommunehuset. Den var det ordføraren som stod for og han gjorde ein kjempeinnsats! Resten av måltida fekk vi på Hotell Vøringsfoss, så vi hadde det bra på matfronten. Vi øvde mykje, både på NM-kvalifiseringsstykket og på Siddisprogrammet. I tillegg til øvinga hadde vi og ein interessant diskusjon om korpset sine mål og visjonar.

Det var ikkje berre vi som var tilreisande denne helga. Det var arrangert nordisk meisterskap i volleyball for herrar junior. I høve dette underholdt vi i idrettshallen før den siste volleyballkampen og spelte fanfarar på premiutdelinga etterpå.

Det var ei vellukka helg både musikalsk og sosialt, og vi vil takke alle som tok i mot oss og la tilrette for at vi øvingseminaret vårt.

Ingen kommentarer: