2003/12/19

Oster Brass blir Chess forhandlar!

Korpset har inngått ein avtale om å selge mobiltelefonabonnement for Chess Communication. Avtala inneber at vi får ein provisjon av ringjeforbruket til abonnentane som vi skaffar. Dette kan på sikt gje oss ei stabil inntektskjelde til drifta av korpset. Chess vert rekna for å være Norges billigste på mobil. Dersom du er interessert i eit rimelig mobiltelefonabonnement og samstundes vil støtte oss kan du ta ein kikk her!

2003/11/23

Julekonsert

Søndag 30. november inviterar Oster Brass til julekonsert i St. Paul kirke. Konserten byrjar klokka 20.00. På programmet har vi tradisjonell julemusikk i tilleg til andre innslag. 7.klasse frå St. Paul skule deltek med song, og eit ensemble frå korpset vil også opptre. Vi ynskjer alle velkomne til konsert, og ser fram til å spre julestemning.
Gratis adgang!

2003/11/08

Oppdatering av fotoalbumet

Fotoalbumet har blitt oppdatert med bilete fra Siddis Brass 2003. Bileta er frå oppvarminga før konkurransen og frå sjølve konkurransen på scenen.

2003/11/04

Konsertar

Enno er det ei stund att til jul, men som handelsstanden er vi og tidleg ute. Oster Brass inviterar til adventskonsert i St.Paul kirke søndag 30.november. Planane er ikkje fullstendig klare enno, men blant dei andre aktørane er 7.klasse frå St.Paul skule. Vi lovar deg ein stemningsfull start på adventstida!

Vi held også julekonsert i Knarvik. Oster Brass og Knarvik Skulekorps held julekonsert i Misjonshuset, søndag 14. desember. Dette har blitt ein årleg tradisjon som vi ser fram til, og tradisjonen tru vert nok dette ei fin konsertoppleving.

Tidspunkta for konsertane kjem vi tilbake til.Velkomne til konsert!

2003/11/03

Vel heim att

No er vi tilbake frå ei kjekk helg i Siddis Brass. Spelinga gjekk brukbart og vi fekk mange gode tilbakemeldingar på at vi gjorde ei kjekk framføring. Vi hadde blant anna ein innlagt Stomp-del i Spain som mange likte. Med oss som dirigent var Hogne Holmås, og vi vil takka han for samarbeidet.

From Siddis 2003


Resultatet vart ein 8. plass. Det var betre enn resulatet i fjor, men likevel noko skuffande. Kopervik Musikkorps vann 1. divisjon foran Alexander Brass Band og med Radøy på 3. plass. Resten av resultata finn du her.

Tilslutt vil vi gratulera Eikanger Bjørsvik Musikklag som vann elitedivisjonen!

2003/10/30

Medlemssida er klar!

Den etterlyste medlemssida er no lagt ut. Foreløpig er det ikkje lagt ut noko meir informasjon om dei enkelte medlemmane, men dette kjem. Klikk på medlemmar og sjå kven som utgjer Oster Brass denne sesongen!

Klare til Siddis!

Etter ein vellukka før-Siddis konsert er den store helga koma, fredag morgon reiser vi til Stavanger! Musikantane er tende og klare til dyst, og etter ei hektisk oppkøyringstid håpar no at vi kan få lønn for strevet. Vi gler oss til å stå på scena og håpar at dei som har anledning finn vegen til konserthuset i Stavanger!

Vi ynskjer våre nabokorps lukke til!

2003/10/27

Før-Siddis konsert

Onsdag 29 oktober kl 19.00 vert det konsert på Hundvin saman med Austrheim-Lindås Musikklag. Dette blir generalprøva før vi dreg til Stavanger. Lørdag skal vi i elden i 1. divisjon i Siddis Brass. Vi vil oppmoda alle om å nytta høvet og kome høyre på framføringa av Siddis-programmet vårt!

Programmet:
- Punchinello.
- O' mein Papa. Eb-kornett solo med Hildegunn A. Anundsen.
- Tir ná noir
- Spain
- Dance of the Tumblers

2003/10/16

Vi gjorde det igjen!

Så er resultata frå NM-kvalifiseringa klare, og vi dro i land seieren i år som i fjor.
Hornorkesteret Stavanger vart nr 2, medan Sagvåg Musikklag vart nr 3. Om det var rutine eller flaks som avgjorde er usikkert, men vi er i alle høve svært godt nøgde! Gratulerar til medlemmane!
Fullstendig resultatliste finnast på NMF sine sider.

2003/10/09

Julekonsert i Knarvik

Søndag 14. desember kl 19 blir det konsert i Knarvik misjonshus saman med Knarvik Skulekorps. Vi spelar ein del av programmet frå forrige konsert. Vi håpar mange vil ta turen til konserten og høyre det som blir avslutninga for haustsesongen vår.

2003/09/21

Ledige plassar til Siddis Brass

Vi vil med dette informere om at vi har ledige plassar i bussen til Siddis. Bussen startar i Knarvik og kjører innom Bergen på veg mot Stavanger. Vi er ein sosial gjeng og kan lokke med god underhaldning under heile turen. Dersom nokon er interesserte i å sitte på kan dei ta kontakt med Birthe på 97971215 eller h101371@stud.hib.no. Velkommen ombord!

Litt om NM-kvalifiseringa

"John O'Gaunt" av Gilbert Winter er kvalifiseringsstykket til 1. divisjon i år og vi er godt i gang med innøvinga. Det er eit krevande stykke men vi håpar å komme gjennom nålauget og kvalifisere oss også i år. Vi planlegg å spele inn opptak den 2. oktober slik at vi blir ferdig før haustferien.

Konsert med Frank Brodahl

Mandag 15. september hadde vi konsert på Manger folkehøgskule saman med korpset på skulen. Før konserten hadde Frank Brodahl eit interessant foredrag om fysisk speleteknikk. På sjølve konserten spelte vi først NM-kvalifiseringsstykket. Deretter avslutta vi med "Suavito" med Frank Brodahl på solo trompet. Det var artig å kompe ein profesjonell musikar og å få eit lite innblikk i storbandmusikken. Folkehøgskulen spelte og nokre stykker med Frank i tillegg til "A child is born" med saxofonsolist.

Vellukka seminar i Eidfjord

Helga 5.-7. september dro korpset til Eidfjord for å øve og å bli kjent med dei nye medlemma. Vi budde på Bergslien Turistheim like ungdomshuset der vi øvde. Når det gjeld føde fekk vi servert frukost på kommunehuset. Den var det ordføraren som stod for og han gjorde ein kjempeinnsats! Resten av måltida fekk vi på Hotell Vøringsfoss, så vi hadde det bra på matfronten. Vi øvde mykje, både på NM-kvalifiseringsstykket og på Siddisprogrammet. I tillegg til øvinga hadde vi og ein interessant diskusjon om korpset sine mål og visjonar.

Det var ikkje berre vi som var tilreisande denne helga. Det var arrangert nordisk meisterskap i volleyball for herrar junior. I høve dette underholdt vi i idrettshallen før den siste volleyballkampen og spelte fanfarar på premiutdelinga etterpå.

Det var ei vellukka helg både musikalsk og sosialt, og vi vil takke alle som tok i mot oss og la tilrette for at vi øvingseminaret vårt.

2003/06/17

Dirigentskifte neste sesong

Etter 4 år med Frode Rydland som fast dirigent, tek kornettkollega Jane Westervik frå EBML over som ny musikalsk ansvarleg frå neste sesong.

Korpset vil i dette høvet takka Frode for samarbeidet. Under leiinga hans har korpset hatt gode resultat i konkurransar med bl.a. 2. og 3. plass i 1. divisjon i Siddis Brass i henholdsvis 1999 og 2001, og 2. plass i 1. divisjon under Grenland Brassfestival 2003. Frode er dessutan ein dyktig arrangør og det har korpset kunne nyte godt av. Vi har fått prøve fleire av hans arrangement, og har med det kunne spelt ny musikk som ikkje har vore tilgjengelig for andre korps. Dette har vorte satt stor pris på! Sjølv om Frode ikkje lenger skal være fast dirigent, så gjev vi ikkje heilt slepp på samarbeidet med han. På vårparten hankar vi han nemlig inn att for å leia eit større prosjekt.

Når det gjeld planlegginga av neste sesong er vi godt på veg. Besetninga er stort sett på plass og sesongplanen for hausten er klar. Sjå i til venstre i margen! I tillegg til Jane og Frode vil vi nytta nokre andre eksterne prosjektdirigentar. Kven dette er vil vi kome tilbake til når avtalane er endelege. Vi startar opp att neste sesong den 25. august, så fram til då får vi ønskje alle ein riktig god SOMMARFERIE!

2003/05/22

Flott 17. mai feiring i Eidfjord!

I år, som i fjor, reiste korpset til Eidfjord på nasjonaldagen. Med bunadskledde musikantar og fint vér låg alt til rette for ein flott dag. Som alltid vart vi godt mottekne og mange hadde møtt opp for å delta i barnetoget kl 12.00.Toget gjekk ei runde gjennom bygda før vi endte opp ved aldersheimen. Vidare gjekk turen til Øvre Eidfjord der vi gjekk i enda eit tog, etterfulgt av ein utsøkt 17.mai buffet på
From 17. mai 2003

Hardangervidda Natursenter. Dagen vart avslutta med ein konsert på Bu. Her tok vinden tak i det meste vi hadde av notar, men det vart likevel ein fin konsert som bygdefolket sette tydeleg pris på. Etter kvar vår velfortjente pinneis vende vi nasa heim, samde om at vi hadde hatt nok ei minnerik 17.mai feiring i Eidfjord. Sjå foto her!

2003/04/28

Godt resultat i Skien!

Denne helga (25-27. april) gjekk Grenland Brassfestival av stabelen. Fredag var det konkurranse i Skien kyrkje med pliktnummer og laurdag var det underhaldningskonkurranse i Dovregubbens hall i Ibsenhuset. Spelinga gjekk veldig bra sett i forhold til den noko amputerte oppkjøringa vi har hatt, og vi vart nr 2 av 6 deltakande korps!
Totalt fekk vi same poengsum som vinnarane Askøy Brassband, men pga mindre poeng på pliktnummeret fekk vi plassen bak. Det vil seie at vi nesten klarte å kopiere fjoråret der vi vann, og det er vi godt nøgde med! Radøy vart nr 3 slik at dei 3 første korpsa i 1. divisjon var hordalandskorps, sjå notis i BT.no. Den fullstendige resultalista finn du her!
Foto frå artikkel i Varden av Andreas Soltvedt

2003/03/27

Konsert i Mariakyrkja søndag 6.april kl 19.00

I høve Grenland Brassfestival vert det konsert der vi framfører programmet vårt.

Pliktnummeret:
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)

Sjølvvalgt program :
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Irish Blessing ( Joyce Eilers Bacak/ arr Stephen Bradnum)
Czardas (Monti/ arr G.Blomhof)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)

Tertnes Brass er arrangør og spelar og på konserten.Velkomne!

2003/03/20

"Kan ikkje de ta den derre Gladiatorane ein gong te?"

Konserten med Brekke Skulemusikkorps vart ei triveleg oppleving og mange hadde møtt opp for å høyre på. Brekke Skulemusikkorps bidrog med musikk frå programmet til Sogn&Fjordane Meisterskapen som dei deltek på 22. mars. Dei gjorde bla. ei flott framføring av "Vikingkyrkja", som er pliktnummer i 2.div. Vi var forøvrig svært imponert over nivået på korpset og trur dei kjem til å gjere det bra i meisterskapen! Begge korpsa måtte til med ekstranummer, så det var tydeleg at publikum likte konserten.

2003/03/08

Oppdatering om marsprosjektet

No er klokkeslettet for konserten klart, og konserten vert i Risnehall kl 16.00.
Foreløpig program er (vilkårlig rekkefølge):
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Cornet Carillon (Ronald Binge)
Mocowi (Ariel Ramirez / arr Tom Brevik)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Shine as the Light (Peter Graham)

2003/03/05

Marsprosjekt i Brekke.


Laurdag 15. mars set Oster Brass med vikardirigent Åge Torsvik kursen nordover til Brekke i Gulen for å spele konsert. Konserten skal haldast i Risnehall, og Brekke skulemusikkorps som er arrangør skal også spele.

Programmet vårt vert pliktnummer og sjølvvalgte stykker til Grenlandprogrammet. I tillegg skal vi hente fram eit par stykke frå i haust, blant anna hornstykket "Mocowi" der to lokale heltar frå Brekke, som er faste musikantar hjå oss, skal spele solo. Klokkeslett for konserten kjem vi tilbake til...

2003/02/17

Informasjon om Grenland Brass Festival

No etter NM startar førebuingane til Grenland Brass Festival. Pliktnummer til kyrkjekonserten i 1. divisjon er Frelsesarmestykket "The Kingdom Triumphant" av Eric Ball. Trekninga for konkurransen er klar og Oster skal (igjen) spele først på pliktnummeret som skal fremførast på fredagskvelden. Lørdag skal vi spele som sjette korps på sjølvvalgtdelen. Vi får seie oss bra nøgd med trekninga denne gongen og vi gler oss til å dra til Skien 25.-27. april.

2003/02/14

Oster vurdert som 3. best i NM av 4BarsRest.com!

1. Sola
2. Tertnes
3. Oster !
...

Det ville vore rekkefølgja om det var opp til ekspertisen frå den britiske nettstaden 4BarsRest. I artikkelen med tilbakeblikk på årets NM skriv dei at deira favorittar var Sola Brass. Om Oster seier dei at vi gjorde ei god framføring av "Leonardo" og at vi vart tippa til 3. plass i 1.divisjon.

Sitat fra artikkelen:
"We liked Sola Brass under the direction of Steve Bastable, who we thought might have won with a neat account of “Moon and Mexico” that was perhaps penalised for too many individual errors, and Oster (who we had third but came 11th!) who gave a nice rendition of “Leonardo” without it every quite sparkling."

Dette var positive omtale som vi tar med oss vidare. Godt å vite at nokon likte oss!

2003/02/10

Først og sist... :(

NM som gjekk av stabelen denne laurdagen vart ein dag med blanda kjensler. Helga starta med ein siste finpuss med øving fredag kveld. Deretter var det trekning av spelerekkefølge, og nok(!) ein gong vart vi trukke til å spele som første korps. Vi måtte derfor sto opp grytidlig laurdag morgon for å klargjere oss til konkurransen. Kl. 07.00 hadde vi øving på St. Paul skole, og kl 09.00 satt vi på scenen i Grieghallen og spelte. Spelinga gjekk bra, og vi gjorde den beste framføringa av stykket som vi har gjort. Det var vi sjøvsagt svært godt nøgd med! Skuffelsen var i midlertid stor då vi fekk vite resultatet. Vi kom på 11 plass av 11 korps, dvs siste plass, så no blir det ny kvalifisering til hausten igjen... Vi får trøste oss med at nivået generelt er høgt og at vi sikkert får marginane på vår ved eit seinare høve. Sjå fullstendig resultatliste for øvrige resultat.

2003/01/28

Nytt år og eit av sesongens høgdepunkt i vente: NM

Januar er godt i gang, og for Oster Brass er det Norgesmeisterskapen som står på programmet. Den vert avvikla i Grieghallen i Bergen 7-8.Februar. Vi vil framføra stykket "Leonardo" av Phillip Wilby - eit svært krevande verk som gjev alle instrumentgrupper og samtlige musikantar store utfordringer. Dirigent for høvet er Reid Gilje, som til dagen jobber som frilansar, arrangør, og som Eikanger Bjørsvik Musikklag sin faste dirigent.

Det blir konsert søndag 2. februar kl. 17.00 på Follesøy på Askøy sammen med Follesøy Musikklag og Kleppe Musikklag. I tillegg blir det konsert tirsdag 4. februar kl. 19.00, i "Peer Gynt"-salen sammen med Manger Musikklag, Austrheim/ Lindås Musikklag, Bergen Brass og Haukås Brass. Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen, og deltakarane i NM lykke til!