2006/10/29

Status frå oppkøyringa til Siddis!

Denne helga, det vil seie den siste helga før Siddis Brass, har Oster hatt øvingshelg. Og for å seie det slik: Det har vi hatt godt av! Korpset har lyfta seg mange hakk og no byrjar optimismen å rå på at vi skal komme i hamn.

Vi har ei travel veke framfor oss. Det vert øvingar kvar dag utanom onsdag når vi skal ha før-Siddis konsert i Åsatun. Konserten byrjar kl 19, og vi deltek saman med Austrheim/Lindås Musikklag, Haukås Musikklag, Hordvik Musikklag og Tertnes Brass.

Og for ordens skyld: Oster Brass deltar i 1.divisjon og konkurransen går føre seg i Stavanger Hall på Hotell Clarion i Stavanger lørdag 4 november.

Program Siddis Brass 2006

No er programmet vårt for Siddis Brass klart:

1: Softly Softly
Oster Brass skal starte med eit stykke i storbandsjangeren. "Softly, Softly" starter med kun tubaer, men etter kvart bygger stykket seg opp og heile korpset får synt seg fram. Stykket er basert på ein barnesang med navnet "Softly, Softly, catching the monkey", så her kan ein forestille seg ei jakt på ein apekatt, der jakta etterkvart vert villare og villare.

2: Rainforest, 2. sats fra Windows of the World
Etter å ha jaga apekatten i det første stykket så hamnar ein inne i regnskogen. I regnskogen er det svært fuktig og frodig, men samstundes ei roleg
stemning. Dette blir forsøkt skildra i dryppande skildringar i stykket Rainforest. Stykket vart urframført av Yorkshire Building Society Band under gallakonserten ved Europamesterskapet for Brassband i år 2000.

3: The Secret of Monkey Island
I 1990 kom eventyrspelet ”The Secret of Monkey Island” på marknaden, og vart etter kvart ein braksuksess med tre oppfølgjarar – så langt. Spela går føre seg ”djupt i Karibien”, der helten Guybrush Threepwood prøver å bli ein respektert sjørøver. Den autentiske følelsen ved spela vert forsterket av Michael Land sin karibiske reggae-musikk, og Oster Brass skal spele kjenningsmelodien frå det første spelet. Arrangøren er frå korpset sine eigne rekker, Trond Ødegård.

4: Caribbean Cave
Programmet held fram i Karibien. Caribbean Cave er ein del av eit større slagverksstykke skrive av korpset sin dirigent, Hogne Holmås. Karibien er kjent for den fantastiske kysten med krystallklart hav. Langs kysten finst det mange holer og grotter der pirater heldt til. I tillegg er Karibien og kjent for vakre danserar kledde i bastskjørt og andre fargerike klede. Den karibiske stemninga blir gjenskapt i dette stykket.

5: Firebird
Stykket er eit utdrag frå balleten Igor Stravinsky skreiv i 1910. Firebird, eller Eldfuglen som han vert kalla på norsk, er kjent frå rusisske folkeeventyr som ein magisk glødande fugl frå eit fjernt land.
Eldfulgen er eit ettertrakta fangstobjekt, men den som tek han til fange får ei vond forbanning over seg. Historia om Eldfuglen har inspirert mange, ma har ho resultert i flere litterære verk, men også i denne kjende balletten som Oster Brass avsluttar med.

2006/10/23

Medlemmer sesongen 2006-2007


Eb. Cornet:Trond Ødeård
Principal cornet:Sara Beate Larsen
Solo cornets:Hildegunn A. Anundsen
Evy Sæterdal
Sara K. Børslid Tvedt
Kjell Inge VestreSiddis
Rep. Cornet:Kari Mostraum
2.og 3 Cornet:Grethe Sætre
Marius Børsheim
Ola Mjanger
Hanne K. Saue
Jeanett Lindås
Flugel horn:Ingrid Sælensminde
Solo horn:Tine Maren Revheim
1st horn:Solveig Ruth Takle
Birgitte Østerbø
2nd horn:Marthe Storemark
Synnøve Lohnbakke
1st bariton:Liv Ingun Wiknes
2nd bariton:Solveig Eknes
Euphonium:Jorunn Nedreås
Karina Borge Solen
1st trombone:Evelyn J.W. FosseSiddis
2nd trombone:Karen Guldbrandsøy
Bass trombone:Lars Killingberg
Eb-Tuba:Ole Christian Netland
Rebecca Fjeldsbø
Eirik GjerdevikSiddis
Bb-Tuba:Trond R. Bjørstad
Andreas Aase
Slagverk:Bjørn Tore Jordal
Roar Soltveit
Brynjar M. Eide
Andreas Dingen
Martin Furevik
 

Styret 2006-2007


Kontaktinformasjon

Leiar: Rebecca Fjeldsbø, mobil 93206103

Nestleiar: Trond R. Bjørstad, mobil 40040278

Kasserar: Tine Maren Revheim, mobil 98867557

Styremedlem: Evy Sæterdal

Styremedlem: Eirik Helland

Varamedlem: Bodil Bjørlo Takle

Varamedlem: Ingrid Sælensminde