2004/11/29

Stemningsfull konsert

Dei som hadde møtt fram i Meland kyrkje på søndag fekk oppleva ein variert og stemningsfull adventskonsert. Skala byrja konserten og spelte mellom anna tradisjonell julemusikk som "Her kommer dine arme små" og livleg marsj - "Christmas Joy". Oster hadde valgt ut musikk frå fire store komponistar: Bach, Gabrielli, Vivaldi og Händel. Oster Brass takkar Skala Kr. Hornorkester for flott bidrag på konserten, vi håpar vi kan gjenta samarbeidet ved eit seinare høve!
Neste julekonsert med Oster Brass vert 12.desember i Knarvik Misjonshus, saman med Knarvik Skulekorps.Vi kjem tilbake med tidspunkt.

2004/11/22

Adventskonsert i Meland kyrkje

Søndag 28.november er første søndag i advent, og i det høvet inviterer Oster Brass til konsert. Konserten finn stad i Meland kyrkje, og tek til kl 18.00. På konserten har vi fått med oss eit eit av nabokorps våre,Skala Kr. Hornorkester. Dette er fyrste gongen Oster Brass og Skala samarbeidar, og vi gler oss til konserten. Det vert i hovedsak framført tradisjonell og klassisk julemusikk, men nokre andre innslag vert det og. Dirigentar: Jane Westervik og Espen Selvik. Velkomne til ein stemningsfull konsert! Bill.prisar: Vaksne kr 50, born t.o.m 16 år: gratis

2004/11/07

Godt resultat i Siddis!

Oster Brass kom på 6.plass i Siddis Brass, ei plassering vi er godt fornøgde med. Vi har ikkje vore så heldige med plasseringane dei siste gongane vi har vore i Stavanger, så dette var kjekt! Til ei forandring var vi siste korps ut, og gjekk på scena kl 15.45. Så med ein solid hotell-frukost i magen var vi klare til å gå på scena. Etter endt framføring var vi fornøgde og ikkje minst svette :). Med 90 poeng på speling og 8 poeng på programval oppnådde vi 98 av 110 moglege poeng. I dommarkommentarane fekk vi mellom anna skryt for balanse og god artikulasjon, mens vi blei trekte noko for intonasjon. Dei øvrige resultata finn du herVi takkar Frode Rydland for eit godt samarbeid, og gratulerer alle vinnarane i årets Siddis Brass!

2004/11/03

Vellukka konsert

Konserten på onsdag var vår fyrste framføring av årets Siddis-program, og såleis også generalprøva før konkurransen til helga. Litt nervar og nokre småslengar her og der vart det nok, slik som det skal vera på ei generalprøve, men vi var godt nøgde med framføringa vår. Eikelandsfjorden Musikklag og AustrheimLindås Musikklag spelte varierte og fine program, begge med flotte solistar.Vi ynskjer korpsa lykke til i konkurransen!
Vi reiser til Stavanger fredag, og konkurransen i 1.div vert avvikla frå kl 09.15 til 16.15. Vi spelar i Stavanger Hall, Clarion Hotel.Vi håpar at de har anledning til å kome å høyra på oss! Vi er tilbake med resultata på måndag.