2010/09/19

Sesongens fyrste konsert


Måndag 20. september held Oster Brass sin fyrste konsert for sesongen i lag med Lindås Brass.

Ta gjerne turen til Musikkhuset i Knarvik kl 18.45 for ei kjekk og varmande musikkoppleving no når hausten nærmar seg!

Sjåas!

Sesongen har starta!

Mandag 23. august var fyrste øving med Oster Brass etter ferien. Me har ein spanande og innhaldsrik sesong føre oss.

 

Først har vi gleden å presentere vår musikalsk ansvarlige og vår dirigent, det er som i fjor Torstein Aagaard- Nilsen.

Så må vi ønske
dei nye medlemmane velkommen til oss, og me har gleda av å presentera:

- Ingrid G.Thunes

- Kristin Haukeland
- David Hoen Tjore

- Harald Rognevær

- Sara Sekkingstad

- Ingvild V.Aa.Nilsen

- Siri Aamot

- Albertine Eikaås Halkjelsvik

- Anders Nøttveit

- Fredrik Birknes

Og sist men ikkje minst ynskje vi våre eksisterande medlemmer velkommen tilbake, kjekt å sjå og ”høyra” deke!

 

Høgdepunkta i sesongen er Siddis Brass i november, Norgesmesterskapet i februar og Grenland Brass Festival i april. Det vært ellers fleire konserter gjennom sesongen.