2009/05/10

Tur til Jølster

24.-26.april var korpset på tur til Jølster. På programmet stod øving, konsert og ikkje minst sosialt samvær. Vi budde på Jølstraholmen Camping og innlosjerte oss der fredag kveld. Grilling ute vart av nokon skrinlagt på grunn av spreing av illeluktande naturgjødsel.... dette la likevel ikkje nokon dempar på hyttekosen, og det vart ein hyggeleg kveld. Laurdag var det øving på dagtid og meir hyttekos på kveldstid. Årets Mr.Oster måtte kårast og etter runder med ulike testar gjekk den unge mr.Jonathan Torsvik av med sigeren. Han var med oss for fyrste gong, og gjorde ein flott innsats! Ikkje alle som kan skilte med slik ein gjev tittel etter så kort fartstid i korpset!

Søndag kom det musikalske høgdepunktet, då hadde vi konsert saman med Jølster Musikklag. Dei vert dirigerte av Arvid Anthun og er eit korps som har imponert mykje dei siste åra. Jamt og trutt har dei klatra seg oppover i divisjonane og er no eit habilt 1.divisjonskorps, det einaste i Sogn og Fjordane. Dei spelte flott og underhaldande storbandsmusikk, med fleire songsolistar. Publikum fekk servert klassikarar som "Mack the knife", "Big Spender" og "My funny Valentine".
Oster framførte mellom anna musikk av Sagvart Dagsland og Jan Eggum, og fleire av nummera var arrangerte av Svein Henrik Giske, som har vore Oster sin dirigent i perioden etter NM.

Konserten med Jølster Musikklag vart eit musikalsk møte som absolutt kan gjentakast, og det verka som publikum også sette pris på musikken dei fekk høyre.

Alle var einige om at det var ein fin tur!