2008/11/03

Midt på i Siddis

SOster Brass endte på ein delt 7.plass under årets Siddis Brass, og hamna dermed på midten av resultatlista, som tilsaman talde 14 deltakarar. Plassen delte vi med det rykande ferske Bjørsvik Brass, som består av tidlegare medlemmar frå Eikanger Bjørsvik Musikklag.

Vi hadde ei svært kjekk og god "oppkøyring" mot konkurransen, saman med dirigent Sturle Berntsen. Vi følte at ting gjekk bra på scena og at vi fekk vist mykje av det vi kunne. Ingen store skandalar, sjølv om det sjølvsagt alltid kjem nokon feilskjær som ikkje har vore der før. Alt i alt var vi godt nøgde, og vi hadde mange solistar i korpset som fekk vist seg fram.

Vi vil rette ei stor takk til Sturle for ei flott periode! Korpset har trivst godt saman med den nye bekjentskapen og vi ser fram til framtidige samarbeid.

Til slutt vil vi få gratulere alle vinnarane under konkurransen, i tillegg til vårt nabokorps Lindås Brass, som tok ein flott 2.plass i 2.divisjon!

2008/10/28

Klare til Siddis!

Vi er inne i den siste hektiske veka før Siddis Brass i Stavanger går av stabelen, og no skal formen spissast. Sturle Berntsen er årets Siddisdirigent og eit nytt fjes for korpset. Vi trivast svært godt i lag og gler oss til helga!

Oster Brass framfører eit tradisjonelt program med følgande nummer:
Jubilee - Quick March, Paul Drury
Blaydon Races,Gordon Langford. Solist: Jorunn Nedreås, euphonium.
When the saints, Mark Freeh.
Londonderry Air, brass sekstett.
Fugue from Graduation Day, Philip Sparke.

Vi går på scena på Clarion Hotel kl 09.50 laurdag morgon og håpar at dei av dykk som skal til Stavanger kjem for å høyre på oss. Vi ynskjer våre medmusikantar lukke til!

2008/08/19

Sesongstart

Måndag 25.august startar vi opp med ny sesong. Vår faste dirigent Jane Westervik leiar oss, og det vert som vanleg besøk av gjestedirigentar på ulike prosjekt utover året. Vi gler oss til ein ny Oster-sesong og ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne. Vi held til i Musikkhuset i Knarvik og dersom du vil stikke nasa innom for å helsa på og høyre friske tonar er det berre å gjere det :)

2008/06/03

Oster Brass opnar Tysnesfestivalen

Førskomande fredag, 6.juni, spelar Oster Brass opningskonsert på Tysnesfestivalen. Tysnesfestivalen er ein korpsfestival og konkurranse somårleg finn stad på Våge i Tysnes Kommune. Mange korps deltek her, og det vert for dei aller fleste også avslutninga på sesongen.

Oster Brass kjem til å framføra eit konsertprogram med stor spennvidde og vil bla. framføre Tour the band, Hercab, Love of my life,,Carribean Cave, Ro,Ro og Krigs Fred.

Oster Brass gler seg til oppdraget! Vi vil og takke vikarane våre ; Per Einar på tuba og Håvard på baryton.

Vel møtt til ein underhaldande konsert på Tysnes!

2008/05/22

NRK hyller ildsjelene

Mandag 26. mai sender NRK1 en dokumentar om hvordan det er å drive et korps. Programmet er en hyllest til den innsatsen som legges ned av mange foreldre.

Faktor har møtt korpspappa og musikalsk ansvarlig for Majorstuens skolekorps, Eyvind Ellingsen. Med omfattende innsats og engasjement hjelper han framtidens musikere. I år har innsatsen vært ekstra stor i og med at skolen feirer 100-årsjubileum, og korpset er en viktig del av feiringen.

Korpset gir barn og unge i lokalmiljøet både musikalsk opplæring og en tryggere oppvekst. Eyvind synes derfor det er dårlig at korpset kun får 40.000 kroner i støtte fra det offentlige, når det koster 800.000 kroner å drifte korpset. Instruktører, instrumenter og uniformer koster penger. Selv en entusiast som Eyvind Ellingsen må innrømme at det til tider tærer på kreftene.

Med ingeniørjobb på dagtid og gratisarbeide for korpset på fritiden skulle man tro at Eyvinds dager var fulle. Men musikken gir han nye krefter og påfyll. Han spiller selv banjo, gitar, synger m.m. i jazzbandene Caledonia, New Orléans og Lucky 7 i Oslo.

Dokumentaren om livet bak kulissene i Majorstuens skolekorps sendes på NRK1, mandag 26. mai kl. 19.55. Programmet er i følge NRK en hyllest til den innsatsen som legges ned i korpsbevegelsen i Norge – sett gjennom én av dens ildsjeler.

2008/05/19

Nasjonaldagen 2008




Det vart, som alltid, ein strålande nasjonaldag i Eidfjord. Vi marsjerte i barnetoget som snodde seg gjennom Eidfjord og som enda ved sjukeheimen. Dagens tale og nasjonalsongar stod som vanleg på tapetet. For ikkje å snakke om "Eidfjordsongen"! Her fekk og Jane overrekt ein dirigentstokk, det var nemleg blitt lagt merke til at ho ikkje har nytta dette tidlegare år! Nedanfor ser de ein tydeleg nøgd dirigent. Deretter fulgte den tradisjonelle 17. mai-middagen ved Hardangervidda Natursenter.






Vi vert alltid svært godt mottekne i Eidfjord, og for mange av medlemmane i Oster har denne 17.mai feiringa vorte ein tradisjon og eit av høgdepunkta i sesongen. Siste posten på programmet er utekonsert ved skulen på Bu. Dette er noko av det kjekkaste med dagen i Eidfjord. Bu er ein bitteliten plass i nær fergeleiet, og det er så vidt bussen klarer svingane opp til skuleplassen. Der ventar bygdefolket alltid trufast, sjølv om dei allereie har vore der i fleire timar. Is, kaker og brus er alltid ein garanti. Så etter speling og matinntak er det mette og litt sletne musikantar som set seg på bussen heim. Nok ein kjekk dag i Eidfjord!

I albumet vårt finn de fleire bilete frå feiringa. Sjå i menyen til høgre.

2008/04/28

Godt resultat i Vårspretten

Laurdag vart den årlege konkurransen "Vårspretten" arrangert på Askøy. Oster deltok i 1.divisjon, saman med Askøy Brassband, Haukås Musikklag og Laksevåg Musikkforening. Og i takt med at våren kjem, knoppane sprett og sevja stig så hadde Oster Brass sitt program kjærleiken som hovudtema:) Vi spelte mellom anna "Love of my life" av Freddie Mercury, arrangert av Svein Henrik giske."Labour and love" stod også på programmet. Sistnevnte er det første originalskrive stykket for brass band, signert Percy Fletcher.

Vi vart leia av vår faste dirigent og musikalsk ansvarlege - Jane Westervik. Ho gjorde, som alltid, ein strålande jobb med oss både i forkant og under konkurransen.

Resultatlista vart slik, med Oster på ein fin 2.plass :
1.Askøy Brass Band
2.Oster Brass
3.Laksevåg Musikkforening
4.Haukås Musikklag

Dommarane gav oss skryt for ei underhaldande opning, fin balanse, gode soliastar og solid avslutning - noko vi tek med oss vidare. Sjølvsagt saman med det som kan forbetrast.

I tillegg vann Oster Brass underholdningsprisen, som delast ut uavhengig av divisjon. Det er ein eigen folkejury som delar ut denne. Det er sjølvsagt svært gledeleg å få ein slik pris, det er trass alt publikum vi spelar for, ikkje dommarane!:)

Solistprisen gjekk til trombonisten Hilde B. Grytten frå Laksevåg Musikkforening.

Vi gratulerer Askøy Brassband med sigeren, samt øvrige vinnarar i andre divisjonar.

2008/04/09

Lokale skulekorps i toppen!

I helga vart Hordablæsten arrangert og dei lokale skulekorpsa kan vise til flott resultat. Knarvik Skulekorps gjekk av med sigeren og Kløvheim Skulekorps kom på 2.plass. Vi gratulerer stolte og nøgde musikantar med den strålande innsatsen!

2008/04/01

Våren 2008

Det er vår og før ein veit ordet av det er korpssesongen over, men ikkje heilt endå. Oster Brass deltek på Vårspretten på Askøy. Jane dirigerar oss og programmet ser slik ut:

  • Tour de Band
  • Love of my life: solist på euphonium Jorunn Nedreås
  • Folkesong: sangsolist Kristin Jordal
  • Carribean cave
  • Labour and love

Vidare vert det tradisjonsrik nasjonaldagsfeiring i Eidsfjord etterfulgt av eit av dei sosiale høgdepunkta, nemleg blåturen. Den vert 6.juni og med det kjem vi til å slutte av sesongen for i år.

2008/02/11

Flott femteplass!

Laurdag formiddag kl.13.25 entra vi scena i Grieghallen og kunne endeleg få framføre årets NM stykke "Dances and Arias", skrive av Edward Gregson. Vi hadde hatt ei intensiv oppkøyring til meisterskapen og var godt nøgde med eiga framføring. Mange av oss var eininge om at vi hadde hatt det usedvanleg kjekt under framføringa, akkurat slik det aller helst skal vere!

1.divisjon har mange sterke korps og konkurransen er hard. Difor er ikkje alltid ei god framføring heilt synonymt med ei god plassering, det er rett og slett så mange andre som og er dyktige. Difor jubla vi og var godt nøgde med plasseringa. Vi har mange nye og til dels unge musikantar med oss i år og det er ekstra kjekt at utskiftingar i medlemsmassa og unge medlemmar ikkje betyr at ein må ta eit steg tilbake. Dei har gjort ein kjempejobb og lagt ned ein solid innsats - vi er stolte!

Ei stor takk må og rettast til dirigentane vi har hatt i denne perioden - Jane Westervik for å ha losa oss stødig igjennom innkøyringsfasen og Torstein Aagaard Nilsen for solid arbeid i den siste og mest inntensive fasen. Vi har kost oss!

Vi gratulerar Oslo Brass som vinnar av divisjonen og ikkje minst Eikanger Bjørsvik musikklag som vinnarar i eliten! :)

2008/02/01

"FØR-NM" KONSERT

Det er ei veke att til NM for brassband, og onsdag skal forma testast. Vi inviterer til før-nm konsert.

Tid: onsdag 6.februar kl 18.30
Stad: Musikkhuset i Knarvik
Gjestekorps: Lindås Brass og Krohnengen Brassband

Oster Brass sin dirigent er Torstein Aagard Nilsen.
Billett: vaksne kr 50 , skulekorpsmusikantar/born : gratis

Velkomne!

2008/01/16

Godt nytt år!

Vi er litt på etterskot med nyttårshelsinga, men vil likevel få ønske alle eit godt nytt år!

Vi i Oster Brass er no godt i gang med førebuingane til NM. Som dei fleste kanskje veit, går NM av stabelen i Grieghallen 8. og 9.februar. Det er altså mindre enn ein månad att, så det er travle korpstider. Vi kjem tilbake med info om konsertar før NM. Er du nysgjerrig på kva vi driv med for tida, eller om du berre vil helse på gamle og nye fjes så er du velkommen til å stikke innom Musikkhuset på måndagskveldane framover :)

Vi ser fram til eit nytt kjekt Oster-år!