2008/04/28

Godt resultat i Vårspretten

Laurdag vart den årlege konkurransen "Vårspretten" arrangert på Askøy. Oster deltok i 1.divisjon, saman med Askøy Brassband, Haukås Musikklag og Laksevåg Musikkforening. Og i takt med at våren kjem, knoppane sprett og sevja stig så hadde Oster Brass sitt program kjærleiken som hovudtema:) Vi spelte mellom anna "Love of my life" av Freddie Mercury, arrangert av Svein Henrik giske."Labour and love" stod også på programmet. Sistnevnte er det første originalskrive stykket for brass band, signert Percy Fletcher.

Vi vart leia av vår faste dirigent og musikalsk ansvarlege - Jane Westervik. Ho gjorde, som alltid, ein strålande jobb med oss både i forkant og under konkurransen.

Resultatlista vart slik, med Oster på ein fin 2.plass :
1.Askøy Brass Band
2.Oster Brass
3.Laksevåg Musikkforening
4.Haukås Musikklag

Dommarane gav oss skryt for ei underhaldande opning, fin balanse, gode soliastar og solid avslutning - noko vi tek med oss vidare. Sjølvsagt saman med det som kan forbetrast.

I tillegg vann Oster Brass underholdningsprisen, som delast ut uavhengig av divisjon. Det er ein eigen folkejury som delar ut denne. Det er sjølvsagt svært gledeleg å få ein slik pris, det er trass alt publikum vi spelar for, ikkje dommarane!:)

Solistprisen gjekk til trombonisten Hilde B. Grytten frå Laksevåg Musikkforening.

Vi gratulerer Askøy Brassband med sigeren, samt øvrige vinnarar i andre divisjonar.

Ingen kommentarer: