2007/11/27

Det lakkar og lir..



Etter ei vellukka deltaking i Siddis Brass er det no juleprogrammet som står for tur. Vi har ei forholdsvis roleg juletid foran oss, der høgdepunktet vert den årlege julekonserten med Knarvik Skulekorps 16.desember, i Knarvik Misjonshus. Vi kjem tilbake med program og tidspunkt.

Dersom du ikkje allereie har byrja på julehandelen så anbefalar vi deg å ta turen til Knarvik Senter komande fredag, den 30.november. Då er det opning av julegata og Oster Brass spelar stemningsfull julemusikk frå kl 17.

2007/11/04

Korpset i hundre!

Årets Siddis Brass vart som venta ei kjekk helg. Det er haustens store høgdepunkt for mange korps, Oster Brass inkludert. Vi gjekk på scena kl 16.30, som siste korps ut. Vi var på førehand ganske spente på korleis programmet skulle falle i smak ettersom vi kanskje tøyde den typiske definisjonen av underhaldningsmusikk noko. Seinare på kvelden kom resultatet: 92 poeng på speling og 8 på programval gav oss nøyaktige 100 poeng og ein flott femte plass, noko vi var godt nøgde med! Vi er spesielt stolte over alle dei nye og unge musikantane våre - dei har gjort ein solid og strålande innsats og vi er veldig glade for å ha fått med oss så mange av dei unge og lovande musikantane frå dei lokale skulekorpsa.

Vi vil også takke Torstein for ei flott oppkøyring til Siddis og med ei fin oppleving på scena. Vi ser fram til vidare samarbeid! :)

Vi gratulerar også Eikanger-Bjørsvik Musikklag med sigeren i eliten! Gratulasjonar går også til øvrige vinnarar i konkurransen. Fullstendig liste med resultat frå helga finn de på sidene til Siddis Brass.

2007/11/01

Klare for Siddis

Oster Brass er no klare for Siddis og dirigent for årets Siddiskonkurranse er Torstein Aagaard Nilsen. Aagard Nilsen har også komponert samtlige av nummera i programmet Oster Brass skal framføra, og programmet er ei samansetning av ulike verk frå Aagaard nilsen.

Programmet er basert på naturtonar og inneheld nummera:
1) Hyllest (1.sats frå "Dampsongar")
2) Rocks (2.sats frå "Abstractions")
3) Aurora Borealis (1.sats frå "Abstractions")
4) Moira
5) Lokk frå den grøne øya
6) Dampdans (4.sats frå "Dampsongar)

Vi er spente på korleis programmet vert motteke av dommarar, og ikkje minst publikum. Vi ser fram til å gå på scena på laurdag og vonar at dei som er i Stavanger kjem for å høyre på oss.

Vi ynskjer og alle andre aktørar lukke til i helga! Vi er tilbake med ei oppdatering etter konkurransen.