2004/12/20

Juleferie!

Etter to velukka julekonsertar tek Oster Brass no ein velfortjent juleferie. 
Nokre av oss var og med å spelte på lysfesten som Nordhordland Avis arrangerte ved Kvassnesstemma søndag kveld. Her spelte vi julemelodiar, mens Kjersti Wiik song. Med 20 cm nysnø var det ei flott førjulsstund!

Vi i Oster Brass takkar medlemmar, andre korps, instruktørar, samarbeidspartnarar og næringsliv for ein god haustsesong.
Ei spesiell takk går til vår faste dirigent, Jane Westervik, som gjer ein kjempeflott jobb med korpset.

Vi ynskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Hyggeleg konsert

Konserten med Knarvik Skulekorps sist søndag vart som forventa ei triveleg oppleving. Publikum vart både imponerte og sjarmerte, og vi fekk høyre flott musikk frå både hovedkorpset, juniorkorpset og aspirantane til Knarvik Skulekorps. Ikkje noko tvil om at Knarvik Skulekorps er eit driftig korps!

2004/12/07

Konsert med Knarvik Skulekorps

Søndag 12.desember vert det konsert med Knarvik Skulekorps og Oster Brass. Konserten er i Misjonshuset og tek til kl 18.00.Dette er blitt ein årleg tradisjon og vi ser fram å høyre skulekorpset..Vi håpar mange av dykk kjem for å høyre på!