2006/12/23

God Jul og Godt Nytt år

Me i Oster Brass vil ønske alle kjente (og ukjente) ei riktig god jul!
Håpar den vert fyllt med mange gode minne.
Me vil samtidig ønske alle eit godt musikalsk nytt år.

Me kjem tilbake på nyåret med nye oppdateringar om oppkjøringa til NM.

2006/12/09

No er CD-innspelinga i gang!

I dag hadde vi første dag i studio på Manger Folkehøgskule i høve CD-innspelinga vår. Vi hadde ein lang, men interessant dag med mykje musikalsk finpussing. Innspeling av CD er ei ny erfaring for dei fleste av oss då Oster Brass aldri har spelt inn ein studio-CD før.

Stykket vi spelar inn i denne omgang heiter "Nordiske Messingtonar" og det er stykket vi brukte i Siddis Brass 2005 då vi vann 1. divisjon. Stykket er komponert/arrangert av Frode Rydland og han er no dirigent under innspelinga. Vår faste dirigent Jane Westervik har tatt på seg oppgåva som produsent, og ellers har vi med Håvard Matland som lydmann. Dette samarbeidet har sålangt fungert veldig bra, og vi har god tru på at det ferdige resultatet vert godt!

Innspelinga denne helga skal utgjere første del av CD-en vår. Andre del kjem vi til å spele inn ein gong ut på vårparten og då vil vi og spele musikk av Frode Rydland.

Fotoalbum med bilete frå innspelinga.

2006/12/05

Nissespelingssesongen har byrja

Slutten av året er tid for nissespeling. Grupper frå korpset har alt vore med på to arrangement. Søndag 26. november spelte ei gruppe på Eknes kai. Der var det tenning av julegran, julemarknad og servering av julegraut, gløgg og kaffi brygga på bål. Oppmøtet på kaia var veldig bra og det var eit koseleg og kjekt arrangement. Til og med nissen var der og delte ut presangar til borna!

Fredag 1. desember spelte ei gruppe i Knarvik Senter ifm opninga av julegata. Vi spelte både julepotpurri og andre klassikarar som "Det lyser i stille grender", "Glade Jul" og "Deilig er jorden".


For dei som ikkje har fått høyrd oss på desse spelingane vert det nye høve den 16. og 17. desember i Knarvik senter.