Historisk

Oster Brass høyrer heime i Lindås kommune. Korpset vart skipa 1. mars 1981 av tidlegare medlemmer i Eikanger-Bjørsvik Musikklag som ynskte eit lågare aktivitetsnivå. Hausten 1981 hadde Oster full besetning, og allereie våren 1982 stillte korpset i NM med Helge Isak Mjanger som dirigent. Resultatet vart godt, med siger i 2. divisjon. Det samme resultatet greidde korpset året etter, no med Ray Farr som dirigent.

Våren 1986 feira Oster Brass dei første fem åra sine. Jubileet vart markert med ein konsert på Lindås Gymnas, med Tom Osa som dirigent og Tom Brevik som gjestedirigent. Nivået på korpset var noko varierande i desse åra, med ein 2. plass i 2. divisjon i Siddis Brass i 1986 som beste konkurranseresultat.

I 1991 var det ny jubileumsfeiring. No hadde Knut Harald Rydland teke over som fast dirigent for korpset. Våren 1992 nådde Oster heilt til topps i 2. divisjon i NM, og då elitedivisjonen vart innført året etter deltok Oster for først gong i 1. divisjon. Ein skuffande sisteplass i NM i 1994 førte til eit høgst ufrivilleg opphald i 2.divisjon. Til stor glede for korpset vart opphaldet kortvarig, med 95 poeng og siger i 2. divisjon året etter var Oster attende 1. divisjon.

Sesongen 1995/1996 tok Åge Torsvik over som fast dirigent, og det vart feira 15 års jubileumskonsert på Nordhordland Folkehøgskule med Eirik Gjerdevik som solist. Mellom konkurranseresultata i denne perioden kan mellom anna 4.plass i 1.divisjon i NM i 1998 nemnast.

Frode Rydland tok over som fast dirigent for Oster Brass hausten 1999, og jubelen var stor då korpset fekk ein overraskande 2.plass i Siddis dette året. Korpset var og med på Grenland Brassfestival fleire gongar i denne perioden, der det mellom anna vart siger i 1.divisjon i 2002.
I 2003 tok Jane Westervik over som musikalsk leiar i Oster Brass og korpset tok i bruk prosjektdirigentar til NM og Siddis. Korpset måtte diverre både i 2002, 2003 og 2004 spele kvalifisering seg for å få halde fram i 1.divisjon. NM 2005 vart såleis ein resultatmessig opptur med 5. plass - endeleg ein haust utan kvalifisering.

Då Jane leverte dirigentpinnen vidare til Torstein Aagaard-Nilsen i 2009 etter lang og god tjeneste var det for medlemmane veldig vedmodig, men samstundes utruleg spennande. Vi takkar Jane Westervik for alt ho gav av glede og musikalitet til korpset i tida som musikalsk leiar.



Oster Brass er no nok ein gong på veg opp i øvste del av 1. divisjon og avslutta sesongen 2010-2011 med ein glitrande 1. plass i 1. div. under Grenland Brassfestival.

Det er i år 30 år sidan Oster Brass vart skipa og dette vert feira med ein heidundrane Jubileumskonsert på Nordhordland Folkehøgskule 2. oktober kl. 18.00.

Resultater


Date Contest Position Conductor

Results provided by http://www.brassbandresults.co.uk