2004/05/31

Fin feiring av nasjonaldagen!

For fjerde år på rad reiste Oster Brass til Eidfjord på 17.mai. Som tidlegare gjekk vi i to tog, eit i Eidfjord og eit i Øvre Eidfjord. Etter toga var det tid for ein utsøkt middagsbuffet på Hardangervidda Natursenter Eidfjord, der vi åt oss svært så mette og gode. Siste post på programmet var konsert utanfor grendahuset på Bu, og det vart ei fuktig oppleving.

Regnet, som hadde heldt seg borte tidlegare på dagen, kom no til fulle. Etterpå var det sjokoladekake og pinneis innanhus.
Bygdefolket i Eidfjord Kommune var svært glade for at vi kunne stille opp også i år, og vi fekk super oppvartning heile dagen. Vi håpar vi får koma att neste år og! Bilete frå nasjonaldagen finn du her.

2004/05/04

17.mai er vi så gla’ i

Etter ein vel overstått brassfestival i Skien går vi inn i siste del av sesongen. Tradisjonen tru reiser Oster Brass til Eidfjord på 17.mai også i år. Dette er eit av høgdepunkta i vårsesongen og vi gler oss! Denne veka har korpset hatt si fyrste ”17.mai-øving”, der vi tørka støvet av marsjhefta og nasjonalsongane. I Eidfjord skal vi sjølvsagt marsjere i tog, men og ha eit par konsertar.

Oster Brass på radio!

Søndag kveld kunne du høyra Oster Brass i ”Korpshalvtimen” på NRK P2. Programmet spelte to av melodiane som vi framførte under programkonkurransen på Grenland Brassfestival; ”Shere my yoke” med Sara B. Tvedt som solist og ”You’ll never walk alone”. Det er ikkje kvar dag vi blir kringkasta på radioen, så dette var kjekt. Så sjølv om vi ikkje ”gjekk heilt heim” hos dommarane, så er det i alle fall andre som har latt seg imponere!