Om korpset

Det er over 30 år sidan tidlegare medlemmar av Eikanger-Bjørsvik Musikklag skipa Oster Brass. Dette fordi dei ynskja eit lågare aktivitetsnivå enn det var i EBML. I dag er det få medlemmar frå EBML, korpset består av musikantar frå 15 til 48 år frå heile Nordhordland, Bergen og eit par frå fjernare strøk. Musikalsk leiar og fast dirigent har sidan 2009 vore Torstein Aagaard-Nilsen.



















I inneverande sesong har Oster Brass omlag 30 medlemmer. Dei seinare åra har det lukkast å bygge opp ei stabil og jamn besetning. Dette har ført mykje positivt med seg, ikkje minst er det enklare å jobbe målretta over tid. Dei siste åra har Oster og hatt ei meir bevisst haldning til å skape lokal forankring og tilknyting til kulturlivet i Knarvikområdet. Mellom anna set vi stor pris på å ha nære band til Knarvik skulekorps, Sæbø Skulemusikk og Manger Skulemusikk, som alle er i god utvikling og framgang, og vi har allereie med oss fleire flinke musikarar herfrå. Ein tenkjer seg at ein gjennom slike samarbeid kan skape vinn-vinn situasjoner, der partane kan vere ressursar for kvarandre. Tilknytinga til Knarvik har òg vorte sterkare ved at vi frå hausten 2004 har hatt øvingslokale i Musikkhuset - noko vi set stor pris på.

Oster Brass deltek kvart år i NM og i Siddis Brass. Det siste året har vi òg delteke på Grenland Brassfestival der vi reiste heim med ein 1. plass i 1. divisjon. Konkurransar er eit middel for å betre det musikalske nivået i korpset, og det er ei målsetjing for oss til ei kvar tid å skulle kunne hevde oss i øvre halvdel av 1.divisjon. Samstundes er det viktig å ha fleire musikalske bein å stå på, og gjennom konsertar i Musikkhuset, julekonsertar, ensemblespeling og konsertar saman med andre korps, søker vi å spele musikk innanfor eit breidt spekter.

I eit korps som Oster er det ikkje berre det musikalske som er viktig. I logoen vår har vi orda omsorg, samspel, trivsel, engasjement og respekt, og målet er at desse orda skal vere dekkande for opplevinga nye og gamle medlem får i korpset. Det sosiale miljøet i korpset er svært godt, og dei fleste medlemmene har mykje å gjere med kvarandre også utanom øvingane. Vi meiner at eit godt sosialt miljø vil føre til at folk prioriterer korpset høgare og held fram som medlem lenger, og at dette dermed gir grunnlag for stabilitet og høgare musikalsk nivå.