2015/02/06

Klar for NM 2015!

I morgon brakar det laus for Oster Brass i NM. Vi spelar kl 10:45 i den store salen i Grieghallen. Korpset er i form etter ei god oppkjøring! Vi høyrast!

Under finn de utklipp frå Nordhordland Avis som vart laga då vi hadde konsert på mandag i Grieghallen saman med Krohnengen Brass Band og Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Ved å trykka på biletet kjem de til artikkelen på norhordland.no.



Irene Bratteng JenssenE-post
 
  
Publisert 04.02.2015 kl 16:18 Oppdatert 04.02.2015 kl 16:18


På lørdag skal dei til pers igjen, og i år skal det unge korpsbandet, Oster Brass, spela det sjølvvalde stykket «English heritage» av George Lloyd.
– Vi er betre no enn kva vi var i fjor, ei veke før NM, seier Erik Træland Hella (16), Christina Rømo (19) og Simone Kartveit (20).

–Viktig å øva i Griegsalen

Dei tre er optimistiske føre helgas NM, og både trur og håper dei når langt.
– Det var både viktig og herleg å få spela i Griegsalen igjen. Det er jo stor forskjell frå dei ulike salane vi speler i, det var difor godt å vite korleis det følast å spela akkurat her, før sjølve dagen, seier Christina rett etter tirsdagens Før-NM-konsert.
– Det er ein spesiell sal å spela i, den skil seg få alle andre, seier Erik, som meiner bandet har eit mykje betre utgangspunkt i år enn dei hadde før NM i fjor.

– Har litt å jobba med

Sjølv om dei unge musikantane så og sei er heilt klar til helgas store hending, er dei glade det enda er nokre dagar igjen.
– Vi har litt å jobba med endå, vi har mellom anna nokre småfeil som må lukast bort. Men dei er heldigvis ikkje så vanskelege å få vekk at vi ikkje skal klara det, seier Simone.
– Eg trur ting sitt veldig bra til helga, legg Erik til.

Årets høgdepunkt

NM er for dei fleste korps årets absolutte høgdepunkt, og det er difor mykje øving og slit som skal til før alt sit som det skal.
– Januar er heilt klar den mest slitsame månaden i året, men vi har det utruleg kjekt i lag, så vi har det gøy medan vi førebur oss, seier Christina.
– Det er NM vi jobbar for heile livet, men med ein så fin gjeng og god stemning oss mellom, går det veldig bra, seier Erik.

–Fullt køyr vekene før NM

Leiar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Viggo Bjørge har stor tru på helgas store hending.
– Vi er absolutt i rute! Vi gler oss til å spela til helga, og øver kvar einaste dag dei siste to vekene før NM, seier han.
Eikanger-Bjørsvik skal spela «Of Distant Memories» av Edward Gregson og Audivi Media Nocte av Olivier Waespi.

Ingen kommentarer: