2009/02/11

11.plass på NM




Oster Brass spelte laurdag kl 11.05 og det var god stemning i korpset og mange folk i salen under framføringa av "Essence of time". Jamt over var vi godt fornøgde med framføringa og hadde ein grei følelse etterpå. Men i 1.divisjon er konkurransen beinhard, og dommarane plasserte oss på 11.plass. Ein del skuffelse var det nok, men det heiter seg vel at resultatet ikkje er det viktigaste? Sjølv om vi gjerne skulle ha komt lenger opp på lista er vi likevel nøgde med framføringa vår.

Vi vil rette stor takk til Torstein for ei kjekk og inspirerande oppkøyring til konkurransen, vi ser fram til vidare samarbeid ved seinare anledningar!

Resultatet medfører at vi rykte ned til 2.divisjon og må spele, og vinne, kvalifisering for å få stille i 1.divisjon under NM 2010. Det er open kvalifisering til 1.divisjon og det er ein plass ledig. NM-kvalifiseringa vert avvikla til hausten.

I fotoalbumet til høgre kan du sjå fleire bilete frå NM

2009/02/07

NM 2009 - Omtale på blogg.nrk.no

Espen Selvik skreiv ein kommentar om framføring vår på blogg.nrk.no


2009/02/06

Klare til dyst

Det er fredag og årets brass-happening står for døra. No skal fleire vekers øving kuliminere i drøye ti minutt på scena i Grieghallen og vi i Oster Brass gler oss! Vi har i år valgt stykket "Essence of time" av Peter Graham og vert dirigert av Torstein Aagaard Nilsen. Oster Brass går på scena laurdag føremiddag, men tidspunktet vert ikkje sett før i kveld.


Onsdag kveld spelte vi konsert på Hundvin saman med Lindås Brass og Bergen Brass, og såleis også generalprøve på årets stykke. Det er fleire solistar i stykket og til venstre ser de nokon av dei ta imot velfortent applaus under konserten. Det var kjekt å få framføre etter mykje arbeid, og i kveld tek korpset siste finpussen før den store dagen.


Vi ynskjer andre korps og konkurrentar lykke til i helga - og håpar sjølvsagt at vi ser mange ansikt i salen på laurdag!