2013/10/31

SIDDIS 2013

Endelig er den beste helga på hausten her, Siddis Brass! Me er alle ivrige, spente og førebudde til konkurransen. Oster skal spela eit innhaldsrikt program som vår dirigent Torstein har sett saman.
Me starter med "A Festive Prelude" skriven av Stephen Bulla. Dette var pliktnummer i det første siddis for 30 år sidan, i 1983.
Vidare kjem det to stykker av vår dirigent Torstein Aagaard-Nilsen. "InteraktivMegaGigaRytme" som han skreiv til Manger Skulemusikklag i 2003 og fjerdesatsen i stykket "Dampsanger" som han skreiv til 150 års - jubileet til "Skibladner".
Neste song er ein trombonekvartetten " It's all rigth whit me" arrangert av Tom Brevik. Solistar er Susanne Vaktskjold, Solveig Lien, Marcus Stangeland og Harald Rongevær.
Me fortsettar videre med med musikk av Torstein, "Nocturne", eller nattmusikk som den heiter på norsk
Til slutt skal me spela ein song komponert av ein slagverkar frå England som verkelig er i elden: "Where Eagles Sing" av Paul Lovatt-Cooper. I det heile tatt eit spanande og utfordane progam for både nye og  rutinerte ostermedlemmer.

I år som i fjor skal me spela i Stavanger Konserthus, men ikkje i den store salen. Me skal spela i salen ved sidan av som heiter "Zetlitz". Oster Brass går på scena 15.45 laurdag 2. november. Kom og høyr på oss!

Hvis du ikkje har muligheit til å reise til Stavanger kan du også sjå oss direkte på TV2 Sumo. Her  blir opptaka liggende ei stund, så du kan sjå oss fleire gonger.

Me vil ønske alle korps lukke til og håper å sjå deg i salen når me skal spela!


Bilder frå Før-Siddiskonserten vår i Knarren.
Radøy Brass og Oster Brass
















2013/10/23

Innhaldsrik sesongstart

Hausten 2013 har vore ein travel periode for Oster Brass. Me har mange nye medlemmer i år, og nok av prosjekt å henge fingrane i.

Det første på plakaten i haust var ein stor konsert på BrassWind-festivalen til Manger Musikklag, med mykje forskjellig musikk på programmet. Det var full sal i Storsalen på Manger Folkehøgskule og dette var ein god start for Oster Brass denne hausten.

Det neste på programmet er underhaldningskonkurransen Siddis Brass i Stavanger 2. november, og Oster Brass med dirigent Torstein Aagaard-Nilsen stiller som vanleg i 1. divisjon i tevlinga. Før me reiser er det to "før-siddiskonsertar": Ein med Salhus Musikklag i Salhushallen sundag 27. oktober, og ein i vår regi onsdag 30. oktober i Knarren på Knarvik Vgs.

Me sjåast der!