2011/03/02

Oster Brass fyller år!








Det er i år 30 år sidan Oster Brass vart skipa av tidlegare medlemmar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag som ynskte eit lågare aktivitetsnivå!

Datoen var 1. mars 1981 og frå haust same år hadde Oster Brass full besetning. Allereie våren 1982 stillte korpset i NM med Helge Isak Mjanger som dirigent. Resultatet vart godt, med siger i 2. divisjon.

Dei siste åra er det Torstein Aagaard-Nilsen som har holdt takten i Oster Brass med eit nyleg opprykk og verande plass i 1. divisjon!

Hurra!

Gratulera så mykje til alle noverande og tidlegare medlemmar i Oster Brass og ellers alle som har Oster Brass i sitt hjarte!