Etter ein vel overstått brassfestival i Skien går vi inn i siste del av sesongen. Tradisjonen tru reiser Oster Brass til Eidfjord på 17.mai også i år. Dette er eit av høgdepunkta i vårsesongen og vi gler oss! Denne veka har korpset hatt si fyrste ”17.mai-øving”, der vi tørka støvet av marsjhefta og nasjonalsongane. I Eidfjord skal vi sjølvsagt marsjere i tog, men og ha eit par konsertar. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar