2008/05/19

Nasjonaldagen 2008




Det vart, som alltid, ein strålande nasjonaldag i Eidfjord. Vi marsjerte i barnetoget som snodde seg gjennom Eidfjord og som enda ved sjukeheimen. Dagens tale og nasjonalsongar stod som vanleg på tapetet. For ikkje å snakke om "Eidfjordsongen"! Her fekk og Jane overrekt ein dirigentstokk, det var nemleg blitt lagt merke til at ho ikkje har nytta dette tidlegare år! Nedanfor ser de ein tydeleg nøgd dirigent. Deretter fulgte den tradisjonelle 17. mai-middagen ved Hardangervidda Natursenter.






Vi vert alltid svært godt mottekne i Eidfjord, og for mange av medlemmane i Oster har denne 17.mai feiringa vorte ein tradisjon og eit av høgdepunkta i sesongen. Siste posten på programmet er utekonsert ved skulen på Bu. Dette er noko av det kjekkaste med dagen i Eidfjord. Bu er ein bitteliten plass i nær fergeleiet, og det er så vidt bussen klarer svingane opp til skuleplassen. Der ventar bygdefolket alltid trufast, sjølv om dei allereie har vore der i fleire timar. Is, kaker og brus er alltid ein garanti. Så etter speling og matinntak er det mette og litt sletne musikantar som set seg på bussen heim. Nok ein kjekk dag i Eidfjord!

I albumet vårt finn de fleire bilete frå feiringa. Sjå i menyen til høgre.

Ingen kommentarer: