2008/02/11

Flott femteplass!

Laurdag formiddag kl.13.25 entra vi scena i Grieghallen og kunne endeleg få framføre årets NM stykke "Dances and Arias", skrive av Edward Gregson. Vi hadde hatt ei intensiv oppkøyring til meisterskapen og var godt nøgde med eiga framføring. Mange av oss var eininge om at vi hadde hatt det usedvanleg kjekt under framføringa, akkurat slik det aller helst skal vere!

1.divisjon har mange sterke korps og konkurransen er hard. Difor er ikkje alltid ei god framføring heilt synonymt med ei god plassering, det er rett og slett så mange andre som og er dyktige. Difor jubla vi og var godt nøgde med plasseringa. Vi har mange nye og til dels unge musikantar med oss i år og det er ekstra kjekt at utskiftingar i medlemsmassa og unge medlemmar ikkje betyr at ein må ta eit steg tilbake. Dei har gjort ein kjempejobb og lagt ned ein solid innsats - vi er stolte!

Ei stor takk må og rettast til dirigentane vi har hatt i denne perioden - Jane Westervik for å ha losa oss stødig igjennom innkøyringsfasen og Torstein Aagaard Nilsen for solid arbeid i den siste og mest inntensive fasen. Vi har kost oss!

Vi gratulerar Oslo Brass som vinnar av divisjonen og ikkje minst Eikanger Bjørsvik musikklag som vinnarar i eliten! :)

Ingen kommentarer: