Sara vann solistprisen i Grenland! [30. april 2004] | |||||||||||||||||||||||||||
Det har blitt ein tradisjonen for oss å delta på den store brassfestivalen på vårparten i Skien. Også i år tok vi turen til Grenland Brassfestival med ambisjonar om ei sosial og kjekk helg! Noko av det som gjer festivalen godt likt er at den lar korpsa presentere ulike sider gjennom fleire konkurransar. I 1. divisjon spelar korpsa ein kyrkjekonsert på fredag, medan det på lørdagen skal framførast ein underhaldningskonsert. | |||||||||||||||||||||||||||
Vi var fornøgd med spelinga både fredag og lørdag og vart vel litt skuffa då vi fekk vite at vi fekk 4. plassen i 1. divisjon. Skuffelsen vart likevel fort snudd til glede då fekk vite Sara Børslid Tvedt vann solistprisen i 1. divisjon for framføringa av "Share my yoke". Gratulerer Sara! Resultatlista for 1. divisjon finn du her: Dette skreiv BT.no om oss og festivalen høve festivalen: Eikanger-Bjørsvik til topps i Grenland Publisert: 26. apr. 2004, 10:53 Oppdatert: 26. apr. 2004, 11:25 Eikanger-Bjørsvik Musikklag var klart best både på pliktnummeret "Kenilworth" av Sir Arthur Bliss, kirkekonserten, og på det selvvalgte programmet. Korpset forsvarte dermed førsteplassen fra 2003. "Bunnsolid i alle ledd, og fantastisk bra solister", var blant kommentarene fra dommerne.
Fotoalbumet er også oppdatert med nokre bilete... |
2004/04/30
Sara vann solistprisen i Grenland!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar