2007/12/16

Jane fekk kulturprisen!

Lindås kommune sin kulturpris gjekk i år til vår dirigent, Jane Westervik, som takk for ein mangeårig innsats for korpsrørsla i Nordhordland. Som medlem i EBML, ildsjel for sommarmusikkskulen og som dirigent for Oster Brass har ho lagt ned ei imponerande mengd tid og krefter for det ho brenn for. Ho er inne i sitt femte år som vår dirigent og Jane gjer ein strålande jobb for Oster Brass!

Foto Strilen
Foto av Anne-Lise Nordpoll, Strilen


Vi gratulerer hjarteleg med prisen og er stolte av dirigenten vår!

Strilen sin reportasje om tildelinga finn du her.

2007/12/13

Julekonsert i Misjonshuset

Søndag 16.desember vert det julekonsert i Misjonshuset i Knarvik. Konserten er i regi av Knarvik Skulekorps. her får du høyre aspirantar,juniorkorps og hovedkorps, i tillegg til Oster Brass. Programmet til Oster vert:

Tone Poem - The Present Age av Leslie Condon
I Himmelen, Salmetone/Buen, Arr. Svein H. Giske
Intrada Ein' Feste Burg, av Ray Farr

Konserten tek til kl 16.00. Gratis inngang. Vel møtt!

2007/11/27

Det lakkar og lir..



Etter ei vellukka deltaking i Siddis Brass er det no juleprogrammet som står for tur. Vi har ei forholdsvis roleg juletid foran oss, der høgdepunktet vert den årlege julekonserten med Knarvik Skulekorps 16.desember, i Knarvik Misjonshus. Vi kjem tilbake med program og tidspunkt.

Dersom du ikkje allereie har byrja på julehandelen så anbefalar vi deg å ta turen til Knarvik Senter komande fredag, den 30.november. Då er det opning av julegata og Oster Brass spelar stemningsfull julemusikk frå kl 17.

2007/11/04

Korpset i hundre!

Årets Siddis Brass vart som venta ei kjekk helg. Det er haustens store høgdepunkt for mange korps, Oster Brass inkludert. Vi gjekk på scena kl 16.30, som siste korps ut. Vi var på førehand ganske spente på korleis programmet skulle falle i smak ettersom vi kanskje tøyde den typiske definisjonen av underhaldningsmusikk noko. Seinare på kvelden kom resultatet: 92 poeng på speling og 8 på programval gav oss nøyaktige 100 poeng og ein flott femte plass, noko vi var godt nøgde med! Vi er spesielt stolte over alle dei nye og unge musikantane våre - dei har gjort ein solid og strålande innsats og vi er veldig glade for å ha fått med oss så mange av dei unge og lovande musikantane frå dei lokale skulekorpsa.

Vi vil også takke Torstein for ei flott oppkøyring til Siddis og med ei fin oppleving på scena. Vi ser fram til vidare samarbeid! :)

Vi gratulerar også Eikanger-Bjørsvik Musikklag med sigeren i eliten! Gratulasjonar går også til øvrige vinnarar i konkurransen. Fullstendig liste med resultat frå helga finn de på sidene til Siddis Brass.

2007/11/01

Klare for Siddis

Oster Brass er no klare for Siddis og dirigent for årets Siddiskonkurranse er Torstein Aagaard Nilsen. Aagard Nilsen har også komponert samtlige av nummera i programmet Oster Brass skal framføra, og programmet er ei samansetning av ulike verk frå Aagaard nilsen.

Programmet er basert på naturtonar og inneheld nummera:
1) Hyllest (1.sats frå "Dampsongar")
2) Rocks (2.sats frå "Abstractions")
3) Aurora Borealis (1.sats frå "Abstractions")
4) Moira
5) Lokk frå den grøne øya
6) Dampdans (4.sats frå "Dampsongar)

Vi er spente på korleis programmet vert motteke av dommarar, og ikkje minst publikum. Vi ser fram til å gå på scena på laurdag og vonar at dei som er i Stavanger kjem for å høyre på oss.

Vi ynskjer og alle andre aktørar lukke til i helga! Vi er tilbake med ei oppdatering etter konkurransen.

2007/10/01

Medlemmer 2007-2008

Eb. kornet: Hildegunn Amble Anundsen

Principal cornet: Sara Beate Larsen

Solo kornett: Evy Sæterdal
Sara K. Børslid Tvedt
Kari Mostraum

Rep.kornett: Roger Borgen Solen

2.og 3 kornet: Benedicte Torsvik
Marita Dolmen Carlsen
Christine Berdal
Jeanett Lindås

Flugel horn: Åge Torsvik

Solo horn: Tore Nyhammer
1st horn: Solveig Ruth Takle
2nd horn: Tine Maren Revheim

1. baryton: Liv Ingun Wiknes
2. baryton: Solveig Eknes

Euphonium: Jorunn Nedreås
Karina Borgen Solen

1.trombone: Bjarne Vaage
2.trombone: Tarjei Hummelsund
Bass trombone: Kim André Mørner

Eb-tuba: Sebastian Antonsen
Joacim Gjerdevik

Bb-tuba: Martin Andre Bjørnsen
Andreas Aase

Slagverk: Bjørn Tore Jordal
Brynjar M. Eide
Martin Furevik

Styret 2007-2008

Kontaktinformasjon

Leiar: Sara Beate Larsen, mobil 95763144

Nestleiar: Sara Børslid Tvedt, mobil 48020229

Kasserar: Eli Johansen, mobil 98218768

Styremedlem: Jorunn Nedreås, mobil 95976881

Styremedlem: Eirik Helland, mobil 98221631

Varamedlem: Roger Borgen Solen, mobil 90049596

Varamedlem:

2007/05/24

Eknesvågdagane nærmar seg!

Laurdag 9. juni deltek Oster Brass på Eknesvågdagane. Arrangementet foregår på Eknes kai og vi skal delta med såvel musikalske bidrag såvel som dugnadsarbeid på loppemarknad og avvikling av borneleikar. Dette vert avslutninga for sesongen og vi håper på godt vær. Her finn du programmet!

2007/05/23

Konsert med HMKG musikk- og drilltropp.

Fredag 25. mai vert det konsert i Nordhordlandshallen med Oster Brass og HMKG musikkorps. Etter konserten kjem drilltroppen til å ha ei oppvisning i fotballhallen.

Konserten startar kl 18 og det er gratis adgang!

Vel møtt!

Bilete frå 17 mai i fotoalbumet


Tradisjonen tru drog Oster Brass til Eidfjord for å spele under feiringa av 17. mai.
Det var kjekk dag med fantastisk vær. Det er no lagt ut bilete i fotoalbumet som syner kor flott det var der!

2007/04/09

Nedetid

Me beklagar nedetida på heimesidene våre. Dette har vore grunna tekniske problem som no skal vera i orden.

2007/02/17

Tilbakeblikk på 1. divisjon, NM 2007

4barsrest.com har laga ein artikkel med tilbakeblikk på årets 1. divisjon i NM.

Det er det mange gode omtalar, berre sjå her:
Radoy and Gareth Pritchard also produced a fine account of the horrendously difficult ‘Montage' that featured a fine solo cornet player and an impressive solo cornet bench, whilst Oster Brass under Torstein Aagaard-Nilsen produced a finely structured and very lyrical performance of ‘Forest of Dean' that was as good as we have heard for some time. Both of these bands can be very satisfied with their efforts on the day.


Her er heile artikkelen

2007/02/11

NM 2007 - Dommarkommentarane

Her kjem dommarkommentarane. Som vanleg er ikkje alt like lett å tyde, men vi har gjort eit forsøk :)


Alex Schillings:

In the intro is playing together a big problem. It must be more piano and the big sound of a warm choral brass band. Variation 1: Why so heavy ??? ??? articulation. The total balance as held more attention for main themes. The end of this variation was superb. Variation 2: Starting too loud. The contrasts in the dynamics are too small. Gently some times lika a “siciliano”. In each bar crescendos and decrescendos ??. Var. 3: I cannot hear every technical line. Unbalance? Var. 4: Softer sound. Warm Molto Expressive, is too less present. The musical interline could be better. Var. V: Jolly the basses is now really too heavy. Var. 6: Immediately changing in the good atmosphere of the scene is sometimes too too late or not present in the total band. Theme without(too less) direction.A band with talent and musical feeilings.


Kim Lofthouse:

Mye flott musisering. Varm tuttiklang, (f v/starten+17 og 18, fin stil.) Gode kontraster i (v/6, 27, 28, og dynamikk. (opp etter 20). God briljans og driv(Var 3+10→). Flott flygelhorn (intro.), sop. (v/8) samt grovmessing(25→28) s. basser(29+Var 6). Noe uryddig v/starten, 1, 13, 31+4/s, uklare 16.deler 2→+33→, samt foran 23→24→. Litt tung stil ofte(for eksempel Var 2(s.basser) 5, slutten av Var. 2, Var. 4, 30→+32→. Litt usikkert foran 5 og noe stivt i Var 4. Jevnt over godt gjennomført.

Resultat NM 2007

Her er resultatet frå årets 1. divisjon:

1. Jaren Hornmusikkforening, Helge Haukås, 95
2. Oslo Brass Band, Frode Amundsen, 94
3. Kleppe Musikklag, Russell Gray, Philip Sparke, 92
4. Askøy Brass Band, Egil Magnussen, 90
4. Laksevåg Musikkforening, Tom Brevik, 90
6. Radøy Brass, Gareth Pritchard, 89
7. Oster Brass, Torstein Aagaard-Nilsen, 88
8. Haukås Musikklag, Thor-Arne Pedersen, 87
8. Sørum Musikklag, Christian Tenfjord 87
10. Follesø Musikklag, Eirik Gjerdevik, 84
11. Alexander Brass Band, Morten E. Hansen, 82
12. Sola Brass Band Christopher Evans, 78

Som ein kan sjå, så havna vi midt på treet. Det var jevnt mellom Hordalandskorpsa i år. Kleppe var 2 poeng foran Askøy og Laksevåg på fjerdeplass. Laksevåg er kanskje årets overrasking i 1. divisjon. Dei deltok nemlig i 3 divisjon i NM 2006!

2007/02/10

Laurdag ettermiddag, NM 2006

No er spelinga over og vi er godt nøgde med framføringa. Etter spelinga fekk vi god applaus frå salen og mange av publikummarane gav oss ei meget god tilbakemelding.

Underteikna sit og høyrer på opptaket no og etter det eg kan høyre så er det bra! Det blir spanande å sjå kva dommarane seier!

No er det snart festkonsert og brassnight! Juhuu!

Laurdag morgon, NM 2006

I mangel av oppdateringar kjem det no ei i siste liten. No er det mindre enn 4 timar til vi skal i elden. Oster Brass skal spele som nummer 7, kl 11:45, i den store salen. Før det skal vi ha ei lita øving på Nygård skule for å komme godt i gang med dagen.

Korpset har hatt ei god musikalsk utvikling den siste veka. Vi har hatt øving kvar dag, bortsett frå på onsdag då vi hadde før-NM konsert saman med Austrheim-Lindås Musikklag i samfunnshuset på Hundvin.

Samarbeidet med NM-dirigenten vår Torstein Aagaard-Nilsen har fungert kjempebra. Han har vore særs inspirerande å ha. Han vore ivrig og har hatt ekstra fokus på intonasjon og musisering. No i dag vert det berre opp til musikantane å gjennomføra det vi har øvd på!

Under skrivinga av dette innlegget er frukosten fortært, og underteikna skal ned og høyre på Haukås Musikklag som startar årets førstedivisjon. Lukke til til alle korps i divisjonen! Måtte den beste vinne!

2007/01/28

Konsert med Manger FHS

No er NM-oppkjøringa i full gang, og allerede på mandag har me vår første før-NM konsert. Konserten vert i musikkhuset i Knarvik kl 18.00, og elevane ved Manger FHS er gjestar på konserten.
Programmet vert som følger:

Manger FHS

Band (Tommy Kalland / Christian V. Berg / Lars Emil Winter)
Skjebnesymfonien…. (arr. Kalland, Berg, Winter)

Brassband dir. Thor Arne Pedersen
Little Suite for Brass, 1. sats (Arnold)
Alt legger for din fot
Svor, 1. og 2. sats
Bruremarsj frå Fosen (Rian)

Band (Per Anders Store / Tord Øvrebotten, Ivan Rolstad, Lars Emil Winter)
Empty Spaces (Pink Floyd)
By the way (Red Hot Chili Peppers)

Folkedans
Sappu frå Säkkijärvi


Oster Brass Torstein Aagaard-Nilsen
Narvikgutten
Rhapsody for euphonium, Solist Jorunn Nedreås
Forest Of Dean

Du er hjertelig velkommen på konsert!