| Denne helga (25-27. april) gjekk Grenland Brassfestival av stabelen. Fredag var det konkurranse i Skien kyrkje med pliktnummer og laurdag var det underhaldningskonkurranse i Dovregubbens hall i Ibsenhuset. Spelinga gjekk veldig bra sett i forhold til den noko amputerte oppkjøringa vi har hatt, og vi vart nr 2 av 6 deltakande korps! | |
| Totalt fekk vi same poengsum som vinnarane Askøy Brassband, men pga mindre poeng på pliktnummeret fekk vi plassen bak. Det vil seie at vi nesten klarte å kopiere fjoråret der vi vann, og det er vi godt nøgde med! Radøy vart nr 3 slik at dei 3 første korpsa i 1. divisjon var hordalandskorps, sjå notis i BT.no. Den fullstendige resultalista finn du her! | |
| Foto frå artikkel i Varden av Andreas Soltvedt | |
2003/04/28
Godt resultat i Skien!
2003/03/27
Konsert i Mariakyrkja søndag 6.april kl 19.00
I høve Grenland Brassfestival vert det konsert der vi framfører programmet vårt.
Pliktnummeret:
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Sjølvvalgt program :
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Irish Blessing ( Joyce Eilers Bacak/ arr Stephen Bradnum)
Czardas (Monti/ arr G.Blomhof)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Tertnes Brass er arrangør og spelar og på konserten.Velkomne!
2003/03/20
"Kan ikkje de ta den derre Gladiatorane ein gong te?"
Konserten med Brekke Skulemusikkorps vart ei triveleg oppleving og mange hadde møtt opp for å høyre på. Brekke Skulemusikkorps bidrog med musikk frå programmet til Sogn&Fjordane Meisterskapen som dei deltek på 22. mars. Dei gjorde bla. ei flott framføring av "Vikingkyrkja", som er pliktnummer i 2.div. Vi var forøvrig svært imponert over nivået på korpset og trur dei kjem til å gjere det bra i meisterskapen! Begge korpsa måtte til med ekstranummer, så det var tydeleg at publikum likte konserten.
2003/03/08
Oppdatering om marsprosjektet
No er klokkeslettet for konserten klart, og konserten vert i Risnehall kl 16.00.
Foreløpig program er (vilkårlig rekkefølge):
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Cornet Carillon (Ronald Binge)
Mocowi (Ariel Ramirez / arr Tom Brevik)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Shine as the Light (Peter Graham)
Foreløpig program er (vilkårlig rekkefølge):
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Cornet Carillon (Ronald Binge)
Mocowi (Ariel Ramirez / arr Tom Brevik)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Shine as the Light (Peter Graham)
2003/03/05
Marsprosjekt i Brekke.

| Laurdag 15. mars set Oster Brass med vikardirigent Åge Torsvik kursen nordover til Brekke i Gulen for å spele konsert. Konserten skal haldast i Risnehall, og Brekke skulemusikkorps som er arrangør skal også spele. | |
|
| Programmet vårt vert pliktnummer og sjølvvalgte stykker til Grenlandprogrammet. I tillegg skal vi hente fram eit par stykke frå i haust, blant anna hornstykket "Mocowi" der to lokale heltar frå Brekke, som er faste musikantar hjå oss, skal spele solo. Klokkeslett for konserten kjem vi tilbake til... |
Abonner på:
Innlegg (Atom)

