2004/04/06

Flott konsert i Knarvik Senter

Torsdag 25.mars heldt Oster Brass og musikkgrupper frå LOAS konsert i senteret. Mange stoppa opp i handleturen for å få med seg konserten, noko vi syntes var svært hyggelig. Johannes Rydland fletta saman dei ulike innslaga på ein fin måte, og publikum fekk høyra musikk med stor spennvidde. Oster Brass opna med marsjen "Punchinello" og fortsette programmet med både Riverdance og tradisjonell frelsesarmémusikk før vi avslutta med "Greased Lightning". 

Men Oster Brass må nok sjå seg slått av LOAS både når det gjeld speleglede og engasjement. Musikkgruppene frå LOAS imponerte med flott sang og instrumentering. Det gode humøret smitta over på både korps og publikum! Oster Brass synest konserten var ei svært positiv konsertoppleving og vonar at vi kan gjenta samarbeidet ved eit seinare høve! Bilete frå konserten finn du i fotoalbumet.

2004/03/09

NM 2004

Oster Brass framførte "Paganini Variations" og vi var godt nøgde med eigen innsats. Vi fekk og mange fine tilbakemeldingar frå publikum. Resultatet vart difor litt skuffande, vi hamna på 10.plass med 85 poeng. Vi får kome sterkare tilbake neste gong! Det vart ei hektisk helg med speling i tillegg til at korpset i år hadde eigen stand i foajeén.

Dette var i forbindelse med Oster Brass sitt samarbeid med Chess Communications. På standen hadde vi ei rekkje aktivitetar, bla. tippekonkurranse og fotokonkurransen "Ein NM-augneblink ". Vi fekk fleire fine innslag, og ein jury beståande av Viggo Bjørge og Mons Hauge kåra Anders Kvamme sitt bilete av ein ung og lovande slagverkar til årets NM-augneblink. Vinnaren fekk eit digitalt kamera, gjeve av FotoKnudsen. Vi gratulerar! Sjå ellers i fotoalbumet for fleire bilete frå NM.

2004/02/13

Klare til dyst

 [13. februar 2004]
Onsdag hadde korpset ein fin konsert på Hundvin, saman med Austrheim/Lindås Musikklag og EikangerBjørsvik Musikklag. Her framførte vi for fyrste gong nm-stykket vårt; " Paganini Variations " av Philip Vilby. Men det er på laurdag det verkeleg gjeld! 1. divisjon går av stabelen frå kl. 09.00 - 13.45 og vi vonar så mange som mogleg har funne seg ein plass i salen når Oster Brass entrar scena. Vi gler oss iallefall til å spele og ynskjer både korps og publikum ei flott helg!

Dette skjer i helga:

Grieghallen, store sal:
Fredag, 12.00 - 16.40, 2. divisjon.
Fredag, 18.00 - 22.00, Elitedivisjon, pliktnummer.
Lørdag, 09.00 - 13.45, 1. divisjon.
Lørdag, 14.30 - 18.50, Elitedivisjon, sjølvvalgt.

Peer Gyntsalen:
Fredag, 16.30 - 21.30, 3. divisjon.
Lørdag, 09.00 - 15.20, 4. divisjon

Stand i Grieghallen

Etter at vi vart Chessforhandlarar i desember har vi jobba med å skaffe oss abonnentar og nye samarbeidspartnarar. I helga har difor Oster Brass og Chess stand i foajéen i Grieghallen. Her skjer det mykje, blandt anna kan du vere med i vår fotokonkurranse: Fang augneblinkar som du meinar viser noko av korleis det å vere med på nm. Vi printar dei ut på standen vår og du kan vinne fotoutstyr frå FotoKnudsen! ( ein må ha digitalkamera)

Du kan og få info om Chess på standen. Kanskje kan du spare pengar på å skifta til eit av Chess sine abonnement? Eller kanskje kan det vere aktuelt for korpset ditt å bli Chess forhandlar? Eit samarbeid med Chess kan spe godt på ei slunken korpskasse, så kom innom standen vår for meir informasjon!

2004/01/26

NM nærmar seg.

13. og 14. februar går NM for brassband av stabelen i Grieghallen. Oster Brass har i år valgt å spela "Paganini variations" av Philip Vilby, og vi er godt i gang med innøvinga av stykket. På NM blir taktstokken overleten til gjestedirigent Oddmund Hjartåker.

Torsdag 5. februar er fyrste sjanse til å høyra oss framføre årets NM-stykke. Då vert det konsert saman med musikklinja ved Manger Folkehøgskule. Konserten byrjar kl 18.00 i gymsalen på folkehøgskulen. Det vert også konsert onsdag 11. februar. Då inviterar Austrheim Lindås Musikklag til "før-NM" konsert på Hundvin, saman med Oster Brass og Eikanger Bjørsvik Musikklag. Tidspunktet for konserten kjem vi tilbake til. Velkomne!