2012/08/27

Ny sesong!

Sommaren er over og Oster Brass starta sesongen med ei flott øvingshelg i helga som var!
Me ser fram til nok ein fantastisk sesong saman med vår faste dirigent, Torstein!
Velkommen alle nye og gamle medlemmar og supportera!

2012/05/16

Oster Brass takkar for ein flott sesong!

Vil først berre beklage dårleg oppdatering her på heimesida. Dette grunna webansvarleg er ute i mammapermisjon og kosar seg med det! :)
Det vart diverre ingen tur til Eidfjord denne sesongen for Oster Brass, men me håpar på å gjenta dette og skape skikkeleg nasjonalromanse på 17. mai.
Ei lita oppsummering frå siste del av sesongen. Etter ein fantastisk 4. plass i NM Brass inviterte Oster Brass Radøy Brass og Lindås Brass til Brasswake med konsert, pizza, masseband og fest. Dette var grådig morro og me håper å kunne gjenta dette til hausten!
I april hadde me gleden av å få være med på eit korarrangement, Solsongen, arrangert av Torstein, vår flinke og kjekke dirigent. Dette fann stad i Johanneskirken med ca.100 aktørar i samspel og fullsatt kyrkje. Oster gjorde ein fin figur og me er veldig glad for å få vere med på eit slikt prosjekt.
Som sesongavslutning reiste me helga etter til Skjerjehamn, der me hadde konsert på Byrknes saman med Byrknes skulekorps, òg her vart det full sal! :) Me overnatta på Skjerjehamn og hadde ei fin sosial helg med musikalske innslag som tenpiecespeling og utekonsert på kaien søndagen.

Ønsker med dette alle musikantar og tilhengare ein flott sommar! Sjåas til hausten! :)


2012/01/30

NM Brass 2012 nærmar seg!

NM Brass 2012 nærmar seg og Oster Brass med sin faste dirigent Torstein Aagaard-Nilsen er i storform!

Du kan høyre Oster Brass si framføring av Aotearoa - The land of the long white cloud
søndag 5. februar kl. 17:00 i Radøyhallen saman med Manger Musikklag, Radøy Brass, Manger Old Star og Salhus Musikklag
eller
onsdag 8. februar kl 19:00 i Knarren med Lindås Brass og Radøy Brass
eller i Grieghallen på sjølve NM-laurdagen kl. 09:00

Vel møtt! :)


2011/11/30

Stem Oster Brass!

Oster Brass er ett lokalt Brass Band i Nordhordland. Vi spiller i 1. divisjon. Ca 1/3 av våre musikanter er i alderen 14 til 19 år, dette er unge talenter som ikke alltid har råd til å skaffe seg sine egne instrumenter. Det aktive brass miljøet i Nordhordland er helt avhengig av oss litt mindre profilerte band, for å sikre rekrutteringen til de beste. Men pengestøtten går oftest til de mest kjendte. Dette vil vi gjøre noe med nå!

http://stemfrem.no/M_Pages/Index/1419?entryID=1435

2011/11/07

Siddis Brass 2011

Då var Siddis Brass over for denne gong og Oster Brass reiste heim med eit litt skuffande 8.plass i 1. divisjon. MEN me var alle einig om at me hadde gjort tidendes framføring av Siddis-programmet og at ein betre konsert før frukost kunne me ikkje gitt dei over 70 frammøtte publikumma kl 0830 ein laurdags morgon!
















Tusen takk alle saman for ei kjekk og minnerik helg! :) Funk on!