2003/02/17
Informasjon om Grenland Brass Festival
2003/02/14
Oster vurdert som 3. best i NM av 4BarsRest.com!
1. Sola | Det ville vore rekkefølgja om det var opp til ekspertisen frå den britiske nettstaden 4BarsRest. I artikkelen med tilbakeblikk på årets NM skriv dei at deira favorittar var Sola Brass. Om Oster seier dei at vi gjorde ei god framføring av "Leonardo" og at vi vart tippa til 3. plass i 1.divisjon. |
|
| |
| Sitat fra artikkelen: Dette var positive omtale som vi tar med oss vidare. Godt å vite at nokon likte oss! | |
2003/02/10
Først og sist... :(
2003/01/28
Nytt år og eit av sesongens høgdepunkt i vente: NM
Januar er godt i gang, og for Oster Brass er det Norgesmeisterskapen som står på programmet. Den vert avvikla i Grieghallen i Bergen 7-8.Februar. Vi vil framføra stykket "Leonardo" av Phillip Wilby - eit svært krevande verk som gjev alle instrumentgrupper og samtlige musikantar store utfordringer. Dirigent for høvet er Reid Gilje, som til dagen jobber som frilansar, arrangør, og som Eikanger Bjørsvik Musikklag sin faste dirigent.
Det blir konsert søndag 2. februar kl. 17.00 på Follesøy på Askøy sammen med Follesøy Musikklag og Kleppe Musikklag. I tillegg blir det konsert tirsdag 4. februar kl. 19.00, i "Peer Gynt"-salen sammen med Manger Musikklag, Austrheim/ Lindås Musikklag, Bergen Brass og Haukås Brass. Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen, og deltakarane i NM lykke til!
2002/12/16
Julekonsert i Knarvik misjonshus
Søndag 15. desember vart haustsesongen avrunda med julekonsert i Knarvik misjonshus saman med Knarvik skulekorps. Skulekorpset starta og hadde eit fint program med blant anna "Det lyser i stille grender" og "Mary`s Boychild". Aspirantane til skulekorpset hadde og ei avdeling med "Deilig er jorden" som dei gjennomførte med glans. Vi merkar oss at skulekorpset er i vekst og det er noko som er gledelig for oss med tanke på mogleg framtidig rekruttering.
Oster presenterte tradisjonell julemusikk som "Glade Jul" og "Mitt hjerte alltid vanker" i tillegg til stykka "Dear Lord and Father" og "Christmas Song". Vi avslutta konserten med eit
arrangement av "Deilig er jorden" som vi spelte saman med allsang frå publikum. Dette vert det siste de får høyre av oss i år. Men fortvil ikkje: Vi startar opp att alt i januar med NM som første mål på programmet. Då står det berre att å ønske alle ei fredfull jul og eit godt nytt (musikalsk) år!