| I år, som i fjor, reiste korpset til Eidfjord på nasjonaldagen. Med bunadskledde musikantar og fint vér låg alt til rette for ein flott dag. Som alltid vart vi godt mottekne og mange hadde møtt opp for å delta i barnetoget kl 12.00.Toget gjekk ei runde gjennom bygda før vi endte opp ved aldersheimen. Vidare gjekk turen til Øvre Eidfjord der vi gjekk i enda eit tog, etterfulgt av ein utsøkt 17.mai buffet på |
| ||
| Hardangervidda Natursenter. Dagen vart avslutta med ein konsert på Bu. Her tok vinden tak i det meste vi hadde av notar, men det vart likevel ein fin konsert som bygdefolket sette tydeleg pris på. Etter kvar vår velfortjente pinneis vende vi nasa heim, samde om at vi hadde hatt nok ei minnerik 17.mai feiring i Eidfjord. Sjå foto her! | |||
2003/05/22
Flott 17. mai feiring i Eidfjord!
2003/04/28
Godt resultat i Skien!
| Denne helga (25-27. april) gjekk Grenland Brassfestival av stabelen. Fredag var det konkurranse i Skien kyrkje med pliktnummer og laurdag var det underhaldningskonkurranse i Dovregubbens hall i Ibsenhuset. Spelinga gjekk veldig bra sett i forhold til den noko amputerte oppkjøringa vi har hatt, og vi vart nr 2 av 6 deltakande korps! | |
| Totalt fekk vi same poengsum som vinnarane Askøy Brassband, men pga mindre poeng på pliktnummeret fekk vi plassen bak. Det vil seie at vi nesten klarte å kopiere fjoråret der vi vann, og det er vi godt nøgde med! Radøy vart nr 3 slik at dei 3 første korpsa i 1. divisjon var hordalandskorps, sjå notis i BT.no. Den fullstendige resultalista finn du her! | |
| Foto frå artikkel i Varden av Andreas Soltvedt | |
2003/03/27
Konsert i Mariakyrkja søndag 6.april kl 19.00
I høve Grenland Brassfestival vert det konsert der vi framfører programmet vårt.
Pliktnummeret:
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Sjølvvalgt program :
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Irish Blessing ( Joyce Eilers Bacak/ arr Stephen Bradnum)
Czardas (Monti/ arr G.Blomhof)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Tertnes Brass er arrangør og spelar og på konserten.Velkomne!
2003/03/20
"Kan ikkje de ta den derre Gladiatorane ein gong te?"
Konserten med Brekke Skulemusikkorps vart ei triveleg oppleving og mange hadde møtt opp for å høyre på. Brekke Skulemusikkorps bidrog med musikk frå programmet til Sogn&Fjordane Meisterskapen som dei deltek på 22. mars. Dei gjorde bla. ei flott framføring av "Vikingkyrkja", som er pliktnummer i 2.div. Vi var forøvrig svært imponert over nivået på korpset og trur dei kjem til å gjere det bra i meisterskapen! Begge korpsa måtte til med ekstranummer, så det var tydeleg at publikum likte konserten.
2003/03/08
Oppdatering om marsprosjektet
No er klokkeslettet for konserten klart, og konserten vert i Risnehall kl 16.00.
Foreløpig program er (vilkårlig rekkefølge):
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Cornet Carillon (Ronald Binge)
Mocowi (Ariel Ramirez / arr Tom Brevik)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Shine as the Light (Peter Graham)
Foreløpig program er (vilkårlig rekkefølge):
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Cornet Carillon (Ronald Binge)
Mocowi (Ariel Ramirez / arr Tom Brevik)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Shine as the Light (Peter Graham)
Abonner på:
Innlegg (Atom)

