| Idag vart den endelege divisjonsinndelinga for NM 2005 lagt fram, og vi kunne gledeleg konstantere at vi klarte det i år og! Det var vi og Sagvåg Musikklag som kniva om den eine plassen i 1.divisjon. Vi vil takke Egil Magnussen for at han (nok ein gong) leda oss fram til seier! No satsar vi alt på ei god plassering i NM 2005 slik at vi slepp å delta i kvalifiseringskonkurransen , som etterkvart nærmast har blitt ein tradisjon for Oster Brass.Dirigent til NM er Reid Gilje. |
2004/10/29
Vi vann kvalifiseringa!
2004/10/25
Før-Siddis konsert
| Onsdag 3. november har du mulighet til å få høyra Oster Brass sitt Siddis-program! Då arrangerer nemleg Austrheim Lindås Musikklag før-Siddis konsert i ungdomshuset Dalheim, på Hundvin. Med på konserten vert sjølvsagt Austrheim Lindås, samt Eikelandsfjorden Musikklag som deltek på Siddis Brass for fyrste gong og stiller i 3.divisjon. Konserten tek til kl 19.00. Håpar vi ser deg på konsert! |
2004/10/14
Program til Siddis Brass
Her er programmet vi skal spela under Siddis Brass:
|
2004/10/05
Kva skjer framover?
| Den neste store posten på programmet er Siddis Brass. Sidan vi har brukt ein del tid på øving til NM-kvalifiseringa, har vi mykje å henge fingrane i fram mot konkurransen i Stavanger! Programmet er tildels svært teknisk krevande og vi må nok belage oss på mykje øving. Frode Rydland dirigerer oss på dette prosjektet. Vi kjem tilbake med meir informasjon om før-Siddis konsertar om ikkje lenge. |
NM-kvalifisering unnagjort
| Vi er no komne godt i gang med sesongen og har alt gjort unna NM-kvalifiseringa. Etter vår 10.plass i NM i februar, måtte vi no spela kvalifisering for å få behalde plassen i 1.divisjon. Dette er noko vi (dessverre) er blitt godt vande til dei siste åra, og er no snart for veteranar å rekne innan kvalifiseringskunsten. Stykket me spelte var "Celestial prospects" av W.Heaton. Egil Magnussen dirigerte oss i anledninga og vi vil takke han for ein flott jobb. Innspelinga vart gjort torsdag 30.september i Johannes-kyrkja i Bergen. Men vi vonar at resultatet blir bra også i år! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)