| Etter to velukka julekonsertar tek Oster Brass no ein velfortjent juleferie. Nokre av oss var og med å spelte på lysfesten som Nordhordland Avis arrangerte ved Kvassnesstemma søndag kveld. Her spelte vi julemelodiar, mens Kjersti Wiik song. Med 20 cm nysnø var det ei flott førjulsstund! Vi i Oster Brass takkar medlemmar, andre korps, instruktørar, samarbeidspartnarar og næringsliv for ein god haustsesong. Ei spesiell takk går til vår faste dirigent, Jane Westervik, som gjer ein kjempeflott jobb med korpset. Vi ynskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år! |
2004/12/20
Juleferie!
Hyggeleg konsert
| Konserten med Knarvik Skulekorps sist søndag vart som forventa ei triveleg oppleving. Publikum vart både imponerte og sjarmerte, og vi fekk høyre flott musikk frå både hovedkorpset, juniorkorpset og aspirantane til Knarvik Skulekorps. Ikkje noko tvil om at Knarvik Skulekorps er eit driftig korps! |
2004/12/07
Konsert med Knarvik Skulekorps
| Søndag 12.desember vert det konsert med Knarvik Skulekorps og Oster Brass. Konserten er i Misjonshuset og tek til kl 18.00.Dette er blitt ein årleg tradisjon og vi ser fram å høyre skulekorpset..Vi håpar mange av dykk kjem for å høyre på! |
2004/11/29
Stemningsfull konsert
| Dei som hadde møtt fram i Meland kyrkje på søndag fekk oppleva ein variert og stemningsfull adventskonsert. Skala byrja konserten og spelte mellom anna tradisjonell julemusikk som "Her kommer dine arme små" og livleg marsj - "Christmas Joy". Oster hadde valgt ut musikk frå fire store komponistar: Bach, Gabrielli, Vivaldi og Händel. Oster Brass takkar Skala Kr. Hornorkester for flott bidrag på konserten, vi håpar vi kan gjenta samarbeidet ved eit seinare høve! Neste julekonsert med Oster Brass vert 12.desember i Knarvik Misjonshus, saman med Knarvik Skulekorps.Vi kjem tilbake med tidspunkt. |
2004/11/22
Adventskonsert i Meland kyrkje
| Søndag 28.november er første søndag i advent, og i det høvet inviterer Oster Brass til konsert. Konserten finn stad i Meland kyrkje, og tek til kl 18.00. På konserten har vi fått med oss eit eit av nabokorps våre,Skala Kr. Hornorkester. Dette er fyrste gongen Oster Brass og Skala samarbeidar, og vi gler oss til konserten. Det vert i hovedsak framført tradisjonell og klassisk julemusikk, men nokre andre innslag vert det og. Dirigentar: Jane Westervik og Espen Selvik. Velkomne til ein stemningsfull konsert! Bill.prisar: Vaksne kr 50, born t.o.m 16 år: gratis |
Abonner på:
Innlegg (Atom)