2011/03/02

Oster Brass fyller år!








Det er i år 30 år sidan Oster Brass vart skipa av tidlegare medlemmar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag som ynskte eit lågare aktivitetsnivå!

Datoen var 1. mars 1981 og frå haust same år hadde Oster Brass full besetning. Allereie våren 1982 stillte korpset i NM med Helge Isak Mjanger som dirigent. Resultatet vart godt, med siger i 2. divisjon.

Dei siste åra er det Torstein Aagaard-Nilsen som har holdt takten i Oster Brass med eit nyleg opprykk og verande plass i 1. divisjon!

Hurra!

Gratulera så mykje til alle noverande og tidlegare medlemmar i Oster Brass og ellers alle som har Oster Brass i sitt hjarte!


2011/02/13

5. plass til Oster Brass

Gratulera til Oster Brass med delt 5. plass i NM Brass 2011!

Fantastisk bra jobba alle saman! :)

2011/02/04

Før-NM-konsert













Tre knakande gode Nordhordlandskorps inviterar til Før-NM konsert i Knarren på Knarvik Vidaregåande Skule.

Programmet er som følger:

Lindås Brass - "Spectrum" av Gilbert Vinter.
Dirigent: Helge Haukås

Radøy Brass - "The Year of the Dragon" av Philip Sparke.
Dirigent: Gareth Pritchard

Oster Brass - "Lowry Sketchbook" av Philip Wilby.
Dirigent: Torstein Aagaard-Nilsen

Dette vert ein god konsert med mykje flott musikk!

Me sjåast og høyrast onsdag 9. februar kl. 19.00!

2011/01/21

NM Brass 2011








...

Det nærmar seg NM Brass 2011 og Oster Brass med Torstein Aagaard-Nilsen i spissen er i full gang med øvinga!


NM-stykket Oster Brass i år har valt er "The Lowry Sketchbook" av Philip Wilby.


Tidspunkt for å høyre og sjå Oster Brass si fantastiske framføring av mesterverket er laurdag 12. februar 2011 klokka 11:45!


Sjåas i Grieghallen!

2010/12/06

Oster Brass inviterer til julekonsert!

Oster Brass inviterer nok ein gong til julekonsert i Knarren. Sundag 12. desember kl 19.00 kan du høyre og føle musikk og juleglede frå Knarvik Skulekorps og Knarvik Juniorkorps saman med Oster Brass i tradisjonell stil!

Kom, nyt musikken og la skuldrene senkas i julestria!