2011/08/23

Ein ny sesong er i gang!




Måndag 22. august starta Oster Brass opp ny sesong og alle musikantane, både gamle og nye, var riktig så engasjert og klar for å erobre korpsverda nok ein gong! :)

Vår faste dirigent Torstein Aagaard-Nilsen svinga taktstokken i både to, tre, fire og fem fjerdedelar med det største hell og formen til musikantane skaut i veret!

Oster Brass er no klar for nye og spanande utfordringar!

Ha ein kjekk sesong alle saman! :)

2011/05/02

1. plass til Oster Brass i Grenland Internasjonale Brass Festival





Oster Brass deltok denne helga i strålande sol på Grenland International Brass Festival og kom heim att med ein velfortjent siger i 1. divisjon!
Gratulera så mykje til alle medlemmar og støttemedlemmar og tusen takk for ein kjekk tur og ei flott helg!




Oster Brass avsluttar sesongen på tradisjonelt vis i Eidfjord 17. mai!

Tusen takk til alle trufaste medlemmar, støttemedlemmar, styret og vår fantastiske dirigent Torstein Aagaard-Nilsen for ein fantastisk bra sesong!

Alle hjarter gler seg til august og sesongstart!

God sumar!

2011/03/02

Oster Brass fyller år!








Det er i år 30 år sidan Oster Brass vart skipa av tidlegare medlemmar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag som ynskte eit lågare aktivitetsnivå!

Datoen var 1. mars 1981 og frå haust same år hadde Oster Brass full besetning. Allereie våren 1982 stillte korpset i NM med Helge Isak Mjanger som dirigent. Resultatet vart godt, med siger i 2. divisjon.

Dei siste åra er det Torstein Aagaard-Nilsen som har holdt takten i Oster Brass med eit nyleg opprykk og verande plass i 1. divisjon!

Hurra!

Gratulera så mykje til alle noverande og tidlegare medlemmar i Oster Brass og ellers alle som har Oster Brass i sitt hjarte!


2011/02/13

5. plass til Oster Brass

Gratulera til Oster Brass med delt 5. plass i NM Brass 2011!

Fantastisk bra jobba alle saman! :)

2011/02/04

Før-NM-konsert













Tre knakande gode Nordhordlandskorps inviterar til Før-NM konsert i Knarren på Knarvik Vidaregåande Skule.

Programmet er som følger:

Lindås Brass - "Spectrum" av Gilbert Vinter.
Dirigent: Helge Haukås

Radøy Brass - "The Year of the Dragon" av Philip Sparke.
Dirigent: Gareth Pritchard

Oster Brass - "Lowry Sketchbook" av Philip Wilby.
Dirigent: Torstein Aagaard-Nilsen

Dette vert ein god konsert med mykje flott musikk!

Me sjåast og høyrast onsdag 9. februar kl. 19.00!