2003/12/19
Oster Brass blir Chess forhandlar!
2003/11/23
Julekonsert
Gratis adgang!
2003/11/08
Oppdatering av fotoalbumet
2003/11/04
Konsertar
Vi held også julekonsert i Knarvik. Oster Brass og Knarvik Skulekorps held julekonsert i Misjonshuset, søndag 14. desember. Dette har blitt ein årleg tradisjon som vi ser fram til, og tradisjonen tru vert nok dette ei fin konsertoppleving.
Tidspunkta for konsertane kjem vi tilbake til.Velkomne til konsert!
2003/11/03
Vel heim att
From Siddis 2003 |
Resultatet vart ein 8. plass. Det var betre enn resulatet i fjor, men likevel noko skuffande. Kopervik Musikkorps vann 1. divisjon foran Alexander Brass Band og med Radøy på 3. plass. Resten av resultata finn du her.
Tilslutt vil vi gratulera Eikanger Bjørsvik Musikklag som vann elitedivisjonen!
2003/10/30
Medlemssida er klar!
Klare til Siddis!
Vi ynskjer våre nabokorps lukke til!
2003/10/27
Før-Siddis konsert
Programmet:
- Punchinello.
- O' mein Papa. Eb-kornett solo med Hildegunn A. Anundsen.
- Tir ná noir
- Spain
- Dance of the Tumblers
2003/10/16
Vi gjorde det igjen!
Hornorkesteret Stavanger vart nr 2, medan Sagvåg Musikklag vart nr 3. Om det var rutine eller flaks som avgjorde er usikkert, men vi er i alle høve svært godt nøgde! Gratulerar til medlemmane!
Fullstendig resultatliste finnast på NMF sine sider.
2003/10/09
Julekonsert i Knarvik
2003/09/21
Ledige plassar til Siddis Brass
Litt om NM-kvalifiseringa
Konsert med Frank Brodahl
Vellukka seminar i Eidfjord
Det var ikkje berre vi som var tilreisande denne helga. Det var arrangert nordisk meisterskap i volleyball for herrar junior. I høve dette underholdt vi i idrettshallen før den siste volleyballkampen og spelte fanfarar på premiutdelinga etterpå.
Det var ei vellukka helg både musikalsk og sosialt, og vi vil takke alle som tok i mot oss og la tilrette for at vi øvingseminaret vårt.
2003/06/17
Dirigentskifte neste sesong
Korpset vil i dette høvet takka Frode for samarbeidet. Under leiinga hans har korpset hatt gode resultat i konkurransar med bl.a. 2. og 3. plass i 1. divisjon i Siddis Brass i henholdsvis 1999 og 2001, og 2. plass i 1. divisjon under Grenland Brassfestival 2003. Frode er dessutan ein dyktig arrangør og det har korpset kunne nyte godt av. Vi har fått prøve fleire av hans arrangement, og har med det kunne spelt ny musikk som ikkje har vore tilgjengelig for andre korps. Dette har vorte satt stor pris på! Sjølv om Frode ikkje lenger skal være fast dirigent, så gjev vi ikkje heilt slepp på samarbeidet med han. På vårparten hankar vi han nemlig inn att for å leia eit større prosjekt.
Når det gjeld planlegginga av neste sesong er vi godt på veg. Besetninga er stort sett på plass og sesongplanen for hausten er klar. Sjå i til venstre i margen! I tillegg til Jane og Frode vil vi nytta nokre andre eksterne prosjektdirigentar. Kven dette er vil vi kome tilbake til når avtalane er endelege. Vi startar opp att neste sesong den 25. august, så fram til då får vi ønskje alle ein riktig god SOMMARFERIE!
2003/05/22
Flott 17. mai feiring i Eidfjord!
I år, som i fjor, reiste korpset til Eidfjord på nasjonaldagen. Med bunadskledde musikantar og fint vér låg alt til rette for ein flott dag. Som alltid vart vi godt mottekne og mange hadde møtt opp for å delta i barnetoget kl 12.00.Toget gjekk ei runde gjennom bygda før vi endte opp ved aldersheimen. Vidare gjekk turen til Øvre Eidfjord der vi gjekk i enda eit tog, etterfulgt av ein utsøkt 17.mai buffet på |
| ||
Hardangervidda Natursenter. Dagen vart avslutta med ein konsert på Bu. Her tok vinden tak i det meste vi hadde av notar, men det vart likevel ein fin konsert som bygdefolket sette tydeleg pris på. Etter kvar vår velfortjente pinneis vende vi nasa heim, samde om at vi hadde hatt nok ei minnerik 17.mai feiring i Eidfjord. Sjå foto her! |
2003/04/28
Godt resultat i Skien!
Denne helga (25-27. april) gjekk Grenland Brassfestival av stabelen. Fredag var det konkurranse i Skien kyrkje med pliktnummer og laurdag var det underhaldningskonkurranse i Dovregubbens hall i Ibsenhuset. Spelinga gjekk veldig bra sett i forhold til den noko amputerte oppkjøringa vi har hatt, og vi vart nr 2 av 6 deltakande korps! | |
Totalt fekk vi same poengsum som vinnarane Askøy Brassband, men pga mindre poeng på pliktnummeret fekk vi plassen bak. Det vil seie at vi nesten klarte å kopiere fjoråret der vi vann, og det er vi godt nøgde med! Radøy vart nr 3 slik at dei 3 første korpsa i 1. divisjon var hordalandskorps, sjå notis i BT.no. Den fullstendige resultalista finn du her! | |
Foto frå artikkel i Varden av Andreas Soltvedt |
2003/03/27
Konsert i Mariakyrkja søndag 6.april kl 19.00
I høve Grenland Brassfestival vert det konsert der vi framfører programmet vårt.
Pliktnummeret:
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Sjølvvalgt program :
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Irish Blessing ( Joyce Eilers Bacak/ arr Stephen Bradnum)
Czardas (Monti/ arr G.Blomhof)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Tertnes Brass er arrangør og spelar og på konserten.Velkomne!
2003/03/20
"Kan ikkje de ta den derre Gladiatorane ein gong te?"
2003/03/08
Oppdatering om marsprosjektet
Foreløpig program er (vilkårlig rekkefølge):
Tone Poem -The Kingdom Triumphant (Eric Ball)
Entry of the Gladiators (Julius Fucik / arr Gordon Langford)
Cornet Carillon (Ronald Binge)
Mocowi (Ariel Ramirez / arr Tom Brevik)
Minuano (Pat Metheny & Lyle Mays / arr Ray Farr)
Shine as the Light (Peter Graham)
2003/03/05
Marsprosjekt i Brekke.
Laurdag 15. mars set Oster Brass med vikardirigent Åge Torsvik kursen nordover til Brekke i Gulen for å spele konsert. Konserten skal haldast i Risnehall, og Brekke skulemusikkorps som er arrangør skal også spele. | |
Programmet vårt vert pliktnummer og sjølvvalgte stykker til Grenlandprogrammet. I tillegg skal vi hente fram eit par stykke frå i haust, blant anna hornstykket "Mocowi" der to lokale heltar frå Brekke, som er faste musikantar hjå oss, skal spele solo. Klokkeslett for konserten kjem vi tilbake til... |
2003/02/17
Informasjon om Grenland Brass Festival
2003/02/14
Oster vurdert som 3. best i NM av 4BarsRest.com!
1. Sola | Det ville vore rekkefølgja om det var opp til ekspertisen frå den britiske nettstaden 4BarsRest. I artikkelen med tilbakeblikk på årets NM skriv dei at deira favorittar var Sola Brass. Om Oster seier dei at vi gjorde ei god framføring av "Leonardo" og at vi vart tippa til 3. plass i 1.divisjon. |
| |
Sitat fra artikkelen: Dette var positive omtale som vi tar med oss vidare. Godt å vite at nokon likte oss! |
2003/02/10
Først og sist... :(
2003/01/28
Nytt år og eit av sesongens høgdepunkt i vente: NM
Januar er godt i gang, og for Oster Brass er det Norgesmeisterskapen som står på programmet. Den vert avvikla i Grieghallen i Bergen 7-8.Februar. Vi vil framføra stykket "Leonardo" av Phillip Wilby - eit svært krevande verk som gjev alle instrumentgrupper og samtlige musikantar store utfordringer. Dirigent for høvet er Reid Gilje, som til dagen jobber som frilansar, arrangør, og som Eikanger Bjørsvik Musikklag sin faste dirigent.
Det blir konsert søndag 2. februar kl. 17.00 på Follesøy på Askøy sammen med Follesøy Musikklag og Kleppe Musikklag. I tillegg blir det konsert tirsdag 4. februar kl. 19.00, i "Peer Gynt"-salen sammen med Manger Musikklag, Austrheim/ Lindås Musikklag, Bergen Brass og Haukås Brass. Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen, og deltakarane i NM lykke til!